E39 og E16 i dei to Vestlandsfylka ligg under stamvegstandarden i Albania viser ein rapport som vart presentert på ein vegkonferanse i Førde i dag.

Norge og Albania

For nokre år sidan samanlikna Opplysningsrådet for Vegtrafikken (OFV) snittfarten mellom nokre av dei største byane i ei rekkje europeiske land. Tyskland og Frankrike låg på topp, Sverige og Danmark midt på treet og Norge og Albania på botnen.

Åleine på sisteplass

— Nyleg gjorde vi ei oppdatering av denne granskinga. Den viser at vi her i landet no er åleine på botnen. Det skjer fordi Albania har bygt ut fleire motorvegar dei siste åra, sa Vildrid Femoen frå Opplysningsrådet for Vegtrafikken.

Tregt også utan ferge

Undersøkinga frå OFV baserer seg på tal frå Vegvesenet. Dei to nabofylka midt på Vestlandet har dei mest svingete, smalaste og mest ujamne vegane. I tilegg er også vanskane med stigningar størst i desse to fylka.

— Dette gjer at gjennomsnittsfarten på stamvegane i dei to fylka er den lågaste i Europa, sjølv om vi ikkje reknar inn ferjetidene, sa Femoen.