E 39 er hovudvegen på Vestlandet, men vegdekket er mange stader i full oppløy-sing. No meiner ambulansetenesta i Sogn og Fjordane at risting, slagholer og slitasjegroper går ut over pasientar så vel som tilsette. Dei vil skrive brev til Veg-vesenet der dei påtalar forholda og ber om at vegen blir utbetra.

Overfor NRK Sogn og Fjordane stad-festar distriktsvegsjef Oddvin Ylvisaker at dei har brukt ekstra mykje salt denne vinteren, og at dette er ei av forklaringa-ne på at det står så dårleg til.

Likevel vil Vegvesenet ikkje sette inn ekstra ressursar på å utbetre E39.