Ekteparet Berit (59) og Sverre Ottestad (58) omkom, og den 29 år gamle dottera vart alvorleg skadd i ulukka. Hennar sju år gamle dotter vart lettare skadd. Faren hennar var forkjølt og vart ikkje med nordover.

Ulukka hende då bilen deira kom over i motsett køyrebane og trefte ein møtande varebil. Føraren av varebilen vart lettare skadd.

Sunnmørsposten melder at det flekkvis var glatt på ulukkesstaden, som ligg i ein krapp venstresving. Lokalkjende skal lenge ha frykta at det ville skje ein tragedie akkurat her. Tidlegare har det vore fleire mindre ulykker der. Problemet er at det ofte kan vera glatt berre i ulukkessvingen, medan det elles er tørr vegbane

Ottestad-familien var på veg mot Folkestad, der ferja på E39 går over til Volda sentrum. Etter det BT får opplyst, skulle familien overnatta i Volda, der Berit Ottestad kjem frå.

29-åringen vart send til Haukeland universitetssjukehus, kritisk skadd. Tilstanden var søndag fortsatt kritisk og ustabil.

Dottera på sju år vart send til Ålesund sjukehus, lettare skadd, og blei seinare send vidare til Haukeland der familien samlast.

Hildegunn Ottestad (27) har avlyst barnedåpen og reist frå Osmarka i Gjemnes på Nordmøre, der ho er busett, til Bergen for å vera med søstra.

Sverre Ottestad var sosialleiar i Vik kommune i Sogn, men busett på Norheim ved Kyte på Voss. Han var medlem av Voss kommunestyre 1987-95, innvald frå KrF, og aktiv m.a. i KFUM/KFUK og naturvernet. Kona Berit arbeidde i heimesjukepleien på Voss. Tidlegare var ho sjukepleiar ved Voss sjukehus.

— Bodskapen er motteken med stor sorg her i grenda og i partiet, seier Bjarne Gjerme på Lemme til Bergens Tidende. Han er gruppeleiar for KrF på Voss.

Gjerme fortel at ulykka var tema i laurdagsbøna til Kristent Kontaktforum Voss i går, og vert nok også tema under gudstenester i dag, på palmesundag.

— Alle eg har snakka med er heilt lamslåtte. Dette var så uventa, så brutalt og så fælt at eg er mållaus, seier Gjerme.

Leiaren i Voss KrF, Arne Mosefinn, var i går saman med familien, som i går vart samla på Haukeland universitetssjukehus. Han er svigerfar til den skadde.

ULUKKESBILEN: Redningsmannskap måtte skjere av taket for å hente ut familien frå Voss etter kollisjonen ved Folkestad på Sunnmøre fredag kveld. FOTO: SUNNMØRSPOSTEN