— Han var nok ikkje så langt over promillegrensa, men litt rusa var han no, seier politibetjent Atle Birkeland ved Sveio lensmannskontor til bt.no.

Dansken var på ferie med kona då han kom til ei promillekontroll i Sveio i 11-tida sundag. Han skal ha oppført seg fint og ikkje klaga over låge promillegrenser då han vart tatt inn til forhør og blodprøve i formiddag.

— Vi held på å undersøkja om mannen kan vera med kona heim til Danmark, eller om han må vera i Noreg i påvente av resultata på blodprøven. Kona kan i alle høve ta bilen med vidare, seier Birkeland.