Voss sjukehus kjende ikkje til legens bakgrunn då han bleitilsett i eit ti dagar langt vikariat. Direktør Rolf Abrahamsen seier tilDagbladet dei ikkje ville tilsett doktoren dersom dei hadde kjent til det somskjedde i Danmark.

— Om vi hadde visst dette, kunne vi klart å skaffe ein annanvikar, seier Abrahamsen.

Danske styremakter har ved to tilfelle reist skarp kritikkmot gynekologen utan at dei har teke frå han lisensen. I desember 2005 blei detfødd tvillingar ved eit dansk sjukehus. Den eine var utan oksygen i 22 minuttetter fødselen. Dagen etter døydde han av skadane. Tre år seinare kom ei jentetil verda ved same sjukehus. Fødselen var lang og hard, og tre månader etterfekk foreldra beskjed om at barnet hadde hjerneskade. Årsaka var oksygenmangelunder fødselen.

To år seinare slutta legen ved sjukehuset etter å ha fåttkrass kritikk av Sundhetsstyrelsen, det danske svaret på Statens helsetilsyn.

I Førde var legen tilsett ei veke i mars og to veker i aprili vår. Her kjende dei til bakgrunnen, og hadde ingen motførestillingar.

— Han har vore heilt open om sakene i Danmark der han fekkåtvaringar. Dette er eit fagfelt der mange legar har klager på seg. Det jobbarlegar i det norske helsevesenet som har det, seier avdelingssjef vedKvinneklinikken i Helse Førde, Tom Guldhav.

På Voss skal legen jobbe ut den avtalte tida, men dei gjorttiltak.

— Han vil gå saman med ein annan gynekolog, seier Abrahamsentil avisa.

Den danske legen ønskjer sjølv ikkje å kommentere saka.