Danish Air Transport (DAT) meiner kreftene som ønskjer flysamband frå Florø til kysten av Møre og Romsdal til Trondheim, overdriv når dei snakkar om trongen for nye ruter. Det kjem fram i eit brev selskapet har sendt Samferdsledepartementet. I brevet skriv DAT at når det nærmar seg tida for nye anbodsrundar, så er alle lokale krefter og politikarar på bana for sikre at eksisterande ruter blir haldne oppe.

«Dere er også kjent med at de samme kreftene legger litt på i beregningene for behovet for nye ruter», skriv salssjef for ruteavdelinga i selskapet, Håvard K. Larsen, i brevet Bergens Tidende har fått tilgang til.

Undrande

Leiaren i hovudutval for samferdsle, Liv Henjum (V), er overraska. Ho var ikkje kjend med DATs kommentar til høyringsrunden, før Bergens Tidende tok kontakt i går ettermiddag.

— DAT må sjølvsagt stå fritt til å kome med innspel. Men det skurrar i mine øyre at dei underkjenner vurderingane til Flora kommune og fylkeskommunen. Det undrar meg også, for vi har opplevd selskapet som greie å samarbeide med, seier Henjum.

Samferdsleutvalet i Sogn og Fjordane stilte seg på siste møte bak kravet om at det flysamband frå Florø og nordetter norskekysten når den nye anbodsperioden tek til å gjelde 1. april 2009. I dag er det berre flyruter til Oslo og Bergen frå Sogn og Fjordane. Fylkespolitikarane brukar mellom anna den store oljeverksemda langs vestlandskysten som grunngjeving for at eit slik rutetilbod bør opprettast.

Skrive ned behovet

Flyplassen i Florø er den einaste DAT trafikkerer her i landet. Danskane legg ikkje skjul på at det er kravet om nye ruter frå Florø dei siktar til når dei meiner behova for nye flyruter ofte blir overvurderte:

— I vårt område er det krefter som ønskjer fleire ruter nordover langs Mørekysten til Trondheim, heiter det i brevet.

Selskapet stiller seg likevel ikkje avvisande til kravet frå Sogn og Fjordane, men meiner Samferdsledepartementet må gjere grundige behovsvurderingar før dei tek eit slik samband med i den kommande anbodsrunden.

— Det faktiske behovet må kunne dokumenterast. Historiske data er ikkje alltid tilgjengeleg, og då håpar vi at Samferdsledepartementet skriv ned det oppgitte behovet som blir lagt fram.

Dyrt og tungvint

Liv Henjum seier dei ikkje har gjort behovsvurderingar:

— Det reknar eg med Avinor har i sine statistikkar. Dei må i alle fall kunne finne ut kor mange som bestiller billett frå Sogn og Fjordane til Bergen/Oslo og vidare nordover. Vårt krav er fundert i at det nært samband mellom næringslivet på kysten av Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Men flyreiser mellom dei to fylka er dyrt, tungvint og tidkrevjande.

DAT tek også til orde for at det må kunne stillast krav til dei som fremjar sine faktiske behov, gjerne ved at selskap som vil ha den nye ruta stiller garanti for at prosjektet er berekraftig. Dersom ei slik rute blir med i anbodet, meiner dei selskapet som vinn konkurransen må få høve til å leggje ned eller redusere talet på avgangar på kort varsel dersom trafikkgrunnlaget blir for dårleg.

Det lukkast i går ikkje Bergens Tidende å kome i kontakt med leiinga i det danske selskapet.