Dermed vert resultatet slik det såg ut etter anbodsopninga tidleg i november i fjor. Entreprenørane med det lågaste tilbodet får tilslaget for byggjing av Nordens lengste hengjebru.

– Vi har kontrollrekna alle tilboda. Litt endringar her og der har kome fram. Men samla sett vert kostnadene for Hardangerbrua slik såg ut ved anbodsopninga. Det vil seia at prisen på Hardangerbrua ligg innanfor den økonomiske ramma Stortinget har vedteke, seier prosjektleiar Øyvind Søvik til bt.no.

Det var i går Statens vegvesen avslutta kontrollrekningane og bestemte seg for kven dei vil tilby kontrakt.

Søvik gjer merksam på at dei andre anbydarane har 10 dagars klagefrist. Det betyr at ingen kontraktar kan underteiknast før etter 25. januar. Statens vegvesen vil koma attende med dato for underteikning. Øyvind Søvik reknar med at det vil skje på anleggskontoret i Vallavik.

Tilboda frå dei tre anbydarane som skal byggja Hardangerbrua summerer seg til ca. 1,4 milliardar kroner. Moms og diverse tilleggsarbeid kjem oppå dette, slik at sluttsummen vert liggjande rundt 2 milliardar kroner.

Øyvind Søvik reknar med at entreprenørane vil starta arbeidet så snart det praktisk let seg gjera. Opningsåret for Hardangerbrua er 2013.

Statens Vegvesen