Med knapt fleirtal har fylkesutvalet gått inn for å avslå søknaden, men Jørgen Øydvin i Pensjonistpartiet stadfestar overfor Kystradioen at han vil røysta for å gi ein komma fem millionar kroner til Danielsen videregående skole. Når Høgre, KrF og Framstegspartiet også støttar dette, vil forslaget få dei nødvendige 34 av dei 67 røystene i fylkestinget.Jørgen Øydvin seier at han vurderer slike søknader einskildvis, og meiner at fylket har nytte av dei elevplassane Danielsen tilbyr.