Ho er nemleg ei av veldig få kvinner i verda som livnærer seg som flamencogitarist. Berre ei til, som Bettina Flater veit om.

Eit kultursjokk, seier 29-åringen om sitt første møte med flamencomiljøet i Sevilla. Det var i 2000.

Sevilla vert rekna som vogga til den dramatiske sigøynarmusikken. Flamencomiljøet i den andalusiske hovudstaden er macho og konservativt. Ikkje lett då når Bettina korkje er sigøynar eller mann.

— Ei lyshåra kvinne med flamencogitar. Det var eksotisk for å seia det mildt, fortel Bettina. Ho har opplevd å bli fråteken gitaren under typiske spontane flamencotreff, som spanjolane dreg i gang på kafear og festar.

— Men det går betre no, fortel Bettina, som er flytta til Madrid.

— Der tykkjer dei det er nytt og spennande med ei norsk kvinne som spelar flamencogitar.

Bettina er fast gitarist i det spanske dansekompaniet Estuaria. Dei har turnert i heile Spania.

Her heime har ho mellom anna vitja Festspillene i Bergen.

Ho merkar at interessa for flamenco er sterkt aukande også i Noreg. Spesielt er det dansen som trekkjer til seg nye utøvarar.

— Men det er songen som er den opphavlege flamencoen, fortel gitaristen, som først byrja å læra seg musikkforma då ho var 19. Då hadde oslojenta alt dansa flamenco i nokre år.

— Kjenslene. Det er så sterkt, er svaret vi får når vi lurer på kva som er så fascinerande.

— Reserverte nordmenn har så absolutt noko å henta i dei fengande tonane, meiner Bettina.

— Vi nordmenn er meir lidenskaplege enn vi trur, er den oppløftande meldinga frå flamencokjennaren.