I Indre Sogn er det tre strekningar der det i kontrakten med entreprenøren som har vedlikehaldet, er nedfelt spesielle krav til oppsyn i forhold til ras. I tillegg til Fatlaberget er dette strekninga mellom Øvre Årdal og Årdalstangen, og området mellom Flenjatunnelen og Gudvangatunnelen på E16, stamvegen mellom Bergen og Oslo.

— Når vi inngår kontraktar på vedlikehald, blir det detaljert skildra kva tilsyn og inspeksjon som skal vere på vegnettet. Graden av tilsyn varierer frå veg til veg, seier distriktssjef for Statens vegvesen i Sogn, Nils Magne Slinde.

Dagleg tilsyn

To vegstrekningar i Indre Sogn har spesiell fokus på ras. Både i Fatlaberget og mellom Årdalstangen og Øvre Årdal skal det vere tilsyn kvar dag i vinterhalvåret. I Årdal er området ved Naustbukti rekna som spesielt rasfarleg.

Mesta har vedlikehaldet på vegane i Indre Sogn. Distriktssjef for Mesta i Sogn, Kjell A. Næss, seier dei i vinterhalvåret inspiserer den 2,2 kilometer lange strekninga mellom Sogndal og Leikanger kvar natt. Tilsynet skal vere unnagjort innan klokka 06 kvar morgon, før den store trafikken av pendlarar tek til.

— Det er detaljerte reglar for korleis inspeksjonen skal utførast. I praksis blir dette gjort slik at ein av våre tilsette køyrer fram og tilbake gjennom Fatla. Har det kome stein ned i vegen skal desse fjernast. Dersom steinane er store eller mange er det rutinar for å tilkalle hjelp. Og har det gått ras, har personen som utfører tilsynet fullmakt til stengje vegen, seier Næss.

Alt nedfall av stein og ras som blir oppdaga under inspeksjonane skal rapporterast skriftleg til Statens vegvesen.

Ulukker

Også den 13 kilometer lange strekninga av riksveg 53 langs Årdalsvatnet har dagleg tilsyn. Mellom tunnelane i Aurland er det lagt opp til eit forsterka tilsyn vintermånadene. Det same er tilfellet i Grasdalen på Strynefjellet i vinterhalvåret. Dette er spesielt retta mot snøskred, og skjer i eit samarbeid med Norges Geologiske Institutt.

Etter det Bergens Tidende forstår er rasinspeksjonane spesielle for Sogn og Fjordane. I følgje distriktssjef Arnfinn Ansok i Statens vegvesen på Voss har dei ikkje tilsvarande opplegg på sine mest rasutsette vegstrekningar.

Fleire og større ras, mellom anna som følgje av meir nedbør, er blant årsakene til at rasovervakinga har blitt intensivert. Men også ulukker der trafikantar har blitt drepne av steinsprang og ei rekkje nestenulukker har gjort at det er innført dagleg overvaking i dei mest rasutsette periodane. Det har også vore fleire tilfelle der bilførar har køyrt på store steinar i mørket.

Ingen kunne i går fortelje eksakt kor store summar vegvesenet betaler kvart år for den utvida rasovervakinga.

ULUKKESSTADEN: Politiet merkte av kvar steinen som tok livet av Katrin Lerum kom ned i vegbana. Lenger bak har dei laga merke for andre steinar som kom i same spranget.
oddleiv apneseth