РHuff, dette g̴r ikkje lenger. Folk er illsinte. Me m̴ avbl̴sa.

Unge Andresen måtte ta mykje av støyten då entreprenørselskapet Risa vei bestemte seg for å vaska Bømlafjordtunnelen mellom klokka 09.00 og 14.00 onsdag. Det gjekk slik det måtte gå i ferierushet. Over Føyno og Stordabrua mot Digernes, strekte bilkøen seg fleire kilometer avgarde i 11-tida i går. Trafikken stod dønn i ro. Sveitteperlene i Andresen si panne auka på for kvart minutt som gjekk.

– HÃ¥plaust – Dette er hÃ¥plaust. Dei kunne i alle fall ha opna fila til Bømlo. Eg stÃ¥r bom fast. Eg skal tilbake til SandvikvÃ¥g for Ã¥ nÃ¥ ei ferje. Og i Bergen skal eg rekka eit fly, sa godsagent Tor Atle Haugland som var pÃ¥ veg til Wärtsilä for Ã¥ henta varer.

I bombua stod Elin Marie Taraldsøy — like fortvila.

– Me kan ikkje skjøna at Risa har fÃ¥tt lov til Ã¥ vaska tunnelen pÃ¥ dagtid i feriestarten. Tunnelvask plar skje pÃ¥ nattestid, og no ser me kvifor, seier Taraldsøy.

– Er folk sinte?

– Ganske mange er sinte, ja, svarar Securitas-vakten.

Etter det Sunnhordland plukka opp, sakna bilistane også informasjon. Mange trudde køen skuldast ei ulukke nede i tunnelen.

Langflat syndar Det næraste me kjem ein syndar er Einar Stange, driftssjef for veg i Risa vei. Han legg seg langflat.

– Eg kan ikkje anna enn Ã¥ beklaga dette. Eg innrømmer glatt at tunnelvask pÃ¥ dagtid var ei dÃ¥rleg løysing, seier Stange til Sunnhordland.

РTunnelvask - er ikkje det aktivitetar som plar skje p̴ kveld- og nattetid?

– Me har gode erfaringar frÃ¥ dagtid i Stavanger. Men dette var noko heilt anna. Stuntet var alt anna enn vellukka, og dette kjem me ikkje til Ã¥ prøva oss pÃ¥ igjen, seier Stange som understrekar at Risa vei hadde alle løyve i orden til Ã¥ gyva laus i dagslyset.

РJa, det hadde me. Men diverre s̴ var det ikkje s̴ smart, humrar han.

Nils Roar Holgersen i Statens vegvesen var mannen bak løyvet. Han var ikkje tilgjengeleg for kommentar onsdag ettermiddag.

KJETIL ØSTREM