På 1700-tallet skjedde det en kraftig flyttestrøm fra Jølster i Sunnfjord til områdene rundt Bergen. En del av disse som flyttet fra Jølster på 1700-tallet slo seg ned i Åsane, og har etterkommere her.

En av dem, Johanne Tollefsdatter Nedre Selvik, ble gift til Breistein i 1779. Hun ble senere spedalsk og innlagt på St. Jørgens hospital. Der ble det laget en tegning av henne i 1812. Dette er trolig det eldste bildet av en åsabu. Se tegning av Johanne Tollefsdtr.

I artikkelen Jølstringer i Åsane på 1700-tallet skriver Yngve Nedrebø mellom annet:

1800-tallet er rekna som utvandringshundreåret i norsk historie. Og særleg den siste tredelen av hundreåret vart sterkt prega av at tusenvis av nordmenn kvart år braut opp frå heimegrenda si.

Jølster , fjellbygda inst i Sunnfjord, låg folketom i seinmellomalderen, men opplevde ei rask attreising i løpet av eit par generasjonar etter 1560. I 1701 var det vel 1500 innbyggjarar i Jølster. Ved folketeljinga i 1801 er det lista opp 1811 menneske. Men i hundreåret mellom teljingane hadde om lag 1400 jølstringar flytta frå bygda, og flyttestraumen viser når tilhøva på arbeidsmarknaden endra seg.

Av dei om lag 1400 som flytta frå Jølster, nær 40% av alle som vaks opp på 1700-tallet der i bygda, kom halvparten til å slå seg ned i eller ved Bergen. Sterkast kom dei til ådominere i Årstad sokn, der dei i 1801 utgjorde langt meir enn 50% av den vaksne befolkninga.

Mange stader ser vi at jølstringane rekna seg som ei eiga gruppe i lokalsamfunnet både to og tre generasjonar etter at dei hadde slege seg ned på ein ny stad. Men det var nok lettare å halde på eigenarten lenger om dei var mange, enn når dei var få og spreidde.

Les mer om hvem jølstringene i Åsane var i Yngve Nedrebøs artikkel: «Jølstringer i Åsane på 1700-tallet»

Se tegning av Johanne Tollefsdtr