• Kontrollørane frå Fiskeridirektoratet nekta ein fiskar å gå i gravferd, sa leiaren i Sogn og Fjordane Fiskarlag.

Fiskeridirektør Peter Gullestad tok skuldingane så tungt at han tok til tårene på talarstolen.

Med statsministeren til stades brukte fiskerilagsleiar Nils Myklebust heile sitt hovudinnlegg på helgas landsmøte i Norges Fiskarlag til å snakke om rettstryggleik. Myklebust talte på vegner av alle fiskarane i Sør-Norge, og gav døme på det han meiner er uakseptabel framferd frå kontrollørane. Mellom anna blei ein fiskar nekta å gå i ei gravferd av inspektørar som kom på ein umeldt kontroll.

I følgje Sunnmørsposten er fiskaren Stig Oldeide frå Måløy, og episoden skjedde før jul i fjor. Han var om bord i båten då inspektørane kom.

— Eg sa eg skulle i gravferd, men eg tilbaud dei tilgang til båten og alt som var om bord. Då fekk eg beskjed om ikkje å forlate fartøyet, fortel Oldeide til avisa.

Frå talarstolen påstod fiskerilagsleiaren i Sogn og Fjordane at fleire skipperar har slutta å fiske, etter å ha blitt utsett for urettvis behandling av Fiskeridirektoratets kontrollørar både til havs og under landligge.

— Hadde vi berre hatt ti prosent av den rettstryggleiken Mullah Krekar har, så hadde du gjort ein god jobb, avslutta Myklebust med klar adresse til fiskeridirektør Peter Gullestad.

Skuldingane gjekk hardt inn på fiskeridirektøren. Då han mot slutten av sitt hovudinnlegg skulle svare på påstandane frå Myklebust, fekk han store problem med å halde fram på talarstolen.

— Eg har tatt denne saka opp med vedkommande inspektør. Det var aldri i hans tankar å nekte nokon å gå i ei gravferd. Dette må byggje på ei mistyding, sa ein synleg skaka Gullestad. I følgje Sunnmørsposten måtte han ta ein pause, før han avslutta innlegget sitt på følgjande måte:

— Dette var ikkje kjekt å få servert med statsministeren til stades.

Også statsminister Kjell Magne Bondevik tykte Myklebust hadde gått vel langt:

— Det skal sjølvsagt vere rettstryggleik for fiskarane, utan at eg vil dra parallellar til Krekar.

MÅTTE TA PAUSE: Skuldingane mot kontrollørar frå Fiskeridirektoratet gjekk sterkt inn på fiskeridirektør Peter Gullestad. Han måtte ta ein pause før han klarte å avslutta innlegget sitt på helgas landsmøte i Norges Fiskarlag. <br/>ARKIVFOTO: MARIT HOMMEDAL