Med eitt berre stod han der. Fylte salongdøra frå karm til karm i både breidde og høgde med kroppen sin. Det blenkte i metall i neven, og før vi rakk å bli fælne, sette han instrumentet til munnen.

— Hungry John er berre førenamnet. Hungry John lærte å spela munnspel av meg, brumma karen.

Det var ikkje tull. Snart sat vi, som like før hadde vore på nippet til å villa kasta mannen på dør, og trampa takten til dei vakraste blå tonar.

Tore Hartvik Kristensen var namnet på framandkaren. Han hadde vore ute og feira 29 års bryllaupsdag med kona si, Inger, heime i Rosendal. No ville han spela litt på heimveg.

Det vart éin låt. Og éin til. Frå dørkarmen trylla Tore fram det eine kunststykket etter det andre. Litt klagande song innimellom, men mest munnspellåt. Vi som med det same trudde karen kom for å stella til bråk og kvalm, ville no helst at han skulle bli verande. For kor elles kan ein venta å få sin eigen, private bluesfestival på kveldsbesøk ¿?