Austevoll kyrkje på Storebø var overfylt av slekt, vener og forretningssamband i fjern og nær då fiskeskipper og forretningsmann Ole Rasmus Møgster blei ført til si siste kvile i dag. Møgster døydde sist veke, berre 51 år gammal.

I tillegg til at rundt 400 møtte fram i kyrkja, blei gravferda overført på kabel-tv til Alfabygget på Storebø der dei største Austevoll-selskapa held til.

— Ingen ting blir som før, sa Helge Møgster i sin tale til broren ved båra.

— Livet er så urettferdig. Du måtte gå no når me skulle hausta fruktene av alt me hadde sådd, sa Helge Møgster.

I tillegg til fem talar og siste helsingar frå nær familie og slekt, var det åtte representantar frå Møgster forretningssamband som tok ordet ved båra. Også Møgster-brørne sin tidlegare fiskebåtkompanjong Kjell Inge Røkke var til stades i gravferda.

Ved kai på Storebø låg familiereiarlagets ringnotbåtar «Møgsterfjord» og «Møgsterhav» til kai og gav eit støyt i fløyta då Ole Rasmus Møgster var jordfesta.

Etter familiens ønskje fekk dei frammøtte i gravferda høve til å gi midlar til Sunniva Klinikk Haraldsplass i Bergen, der Ole Rasmus Møgster var pasient då han døydde sist tysdag etter eit halvt års sjukdom.