TERJE ULVEDAL

Åstadgranskarane til Kripos jobba fleire dagar med å sikre tekniske bevis på den kvelte 19-åringens hybel på internatet ved Sogndal Folkehøgskule. Då Kripos-etterforskarane drog tilbake til Oslo måndag, hadde dei med seg store mengder materiale som i ettertid er blitt analysert ved Rettsmedisinsk Institutt og i Kripos eige laboratorium. Mellom dei tekniske funna som blir analysert er også biologisk materiale.

— Vi får dei første analyseresultata tidleg denne veka. Men heller ikkje vi veit så langt om det blir i dag, seier politiadvokat Knut Broberg.

Har fingeravtrykk

Så langt er det berre den taktiske etterforskinga som knyter den 35 år gamle somaliaren til drapet på folkehøgskuleeleven frå Telemark. I all hovudsak dreiar det seg om vitneforklaringar om at dei to gjekk saman frå konserten på utestaden Meieriet natt til torsdag. Vitne har også fortalt om ein krangel mellom dei to tidlegare på kvelden. Vitna har fortalt at årsaka var at 35-åringen blei sjalu.

I tillegg til svært mange vitneavhøyr har politiet heile tida jobba med å sikre seg tekniske bevis. Dei sit på den drapssikta 35-åringens fingeravtrykk, fordi dette finst i asylregisteret. Mykje tyder også på at politiet har mannens DNA-profil. Det er gjort beslag i ei ølflaske han drakk av på bussen til Oslo natt til førre fredag.

Etterforskarane kan også ha funne somaliarens DNA i kjellarhusværet han saman med kona leigde på Navarsete i Sogndal. Men så langt har politiet ikkje vist særleg stor interesse for bustaden. Dette kan tolkast som ein indikasjon på at Sogndal-politiet trur dei har mannens DNA.

Nagla til drapet

Politiet har aldri langt skjul på at dei ser med stor spenning på kva funn dei tekniske etterforskarane gjorde dei første dagane av den intense etterforskinga. Funn av somaliarens fingeravtrykk eller DNA på offeret, vil kunne nagle han til drapet.

I dag tek også politiet opp att etterforskinga med full styrke. Før helga fekk dei fleste fri, og berre det mest nødvendige politiarbeidet blei utført laurdag og i går.

— Frå i dag vil kring 20 etterforskarar vere tilbake i etterforskningsarbeidet, opplyser politiadvokat Broberg.

Også dei tre taktiske etterforskarane frå Kripos, med utrykningsleiar Asbjørn Hansen i spissen, er tilbake i Sogndal frå i dag av.