EYSTEIN RØSSUM

PER MARIFJÆREN

Fleire menn har dei siste dagane avgitt spyttprøver som ennå ikkje er ferdig analysert. Det er også truleg at teknikarane ennå ikkje har hatt tid til å gå igjennom alle dei biologiske spora som vart funne der Anne Slåtten vart drepen.

Aftenposten meldte i går at DNA-ekspertane ikkje har funne samsvar mellom dei biologiske spora frå drapsstaden og prøver tatt av vitne og tidlegare dømde personar, såkalla moduskandidatar. Men kjelder BT har vore i kontakt med, meiner det er usannsynleg at Rettsmedisinsk institutt er ferdige med alt analysearbeidet av funna på drapsstaden, fordi materialet er så stort.

Det handlar blant anna om ting funne rundt Anne Slåtten der ho låg ved Førdehuset, blant anna store mengder søppel. I tillegg kjem spor på kleda hennar og materialet som vart funne under neglene hennar.

Lensmannen utilgjengeleg

Politiet har dei siste dagane heilt slutta å fortelje kva som skjer i etterforskinga. I går ettermiddag var det pressekonferanse, der lensmann Kjell Fonn hadde lite nytt å melde. Han gjorde seg deretter utilgjengeleg for spørsmål frå pressa resten av kvelden.

— Vi er no i ei fase der vi ikkje vil kommentere konkrete forhold rundt etterforskinga, sa Fonn til BT tidlegare på dagen. Han har vist til at det går ein drapsmann laus, og at politiet ikkje ønskjer at gjerningsmannen skal kunne kikke dei i korta ved å følgje med i media.

Har god oversikt

Fonn opplyste på pressekonferansen at politiet meiner å ha god oversikt over kven som var i området rundt Førdehuset på drapstidspunktet, men at dei ikkje kan vere 100 prosent sikre. Dersom dei faktisk har klart å identifisere alle som var der, må det bety at politiet allereie har namnet på drapsmannen i papira sine.

Fonn sa i går også at det hadde meldt seg eit par nye vitne etter at politiet etterlyste ein mørk personbil som vart sett på veg austover E39, på Hafstadflata i Førde, drapsmorgonen kl. 07.35. Lensmannen ville ikkje fortelje kva vitna hadde sett, eller kvifor denne bilen er spesielt interessant for politiet. Føraren har ennå ikkje meldt seg.