For hundre år sidan var Odda ei fredeleg vestlandsbygd. Den gryande turismen hadde fatta interesse for idyllen i botnen av den prektige Sørfjorden i Hardanger.

Forvandling

Med eitt slag vart den vesle bygda forvandla til ein stor industristad.

Byggearbeidet på den største karbidfabrikken i verda vart sett i gang 1906. Like etter vart anleggsarbeidet på cyanamidfabrikken i gang, også den i Odda sentrum, og kraftstasjonen i Tyssedal.

I mai 1908 stod alt ferdig til bruk: Alby United Carbide Factory og The North Western Cyanamide Company, som i dag er blitt til Odda Smelteverk AS, og AS Tyssefaldene sin første kraftstasjon, no under restaurering til museum.

— Om det vart krafta som gav industri eller omvendt, blir nesten som å diskutera kven som kom først; høna eller egget, seier Marit Mannsåker i Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum til Bergens Tidende.

Nye bruksmåtar

Det som heilt sikkert kom seinare, var andre store industriverksemder som «Zinken», framleis oppegåande Outokumpu Norzink på Eitrheimsneset, og «Nitriden», eit aluminiumsverk i Tyssedal, som i dag er erstatta med illmenittsmelteverket til Tinfos Titan & Iron (TTI).

Den første karbidfabrikken i Europa vart bygd i England i 1895. Tre år tidlegare hadde franskmannen Henry Moissan konstruert ein elektrisk omn og snubla over kalciumkarbid som kunne brukast som lyskjelde. Men stoffet var livsfarleg og vart snart utkonkurrert av elektrisitet.

Fabrikkane i Odda var tufta på nye bruksmåtar. Karbid kunne brukast til gjødsel og acetylengass til sveising.

Mystisk på båttur

Svensken Albert Peterson var tilsett i den første franske karbidfabrikken, og konstruerte ein ny type omn då han seinare jobba i Alby ved Sundsvall i Sverige. Det var denne verksemda, Alby United Carbide Factory (tidlegare Sun Gas Company) som flytta verksemda si til Odda.

Hardangerbygda hadde rikeleg tilgang på elektrisitet og godt sjøvegs samband med omverda. Alle råvarer skulle «importerast», alle ferdigvarer «eksporterast».

Dr. Petersson stod sentralt i industrieventyret i Odda fram til han ved utbrotet av første verdskrigen på mystisk vis omkom på veg til Bergen med nattruta 18. august 1914.

Arbeid og heim for mange

I 1913 hadde karbidfabrikken 850 arbeidarar, 37 formenn og 27 funksjonærar, i tillegg til nokre tilsette ved kalksteinbrota på Osterøy og i Levanger.

Same året hadde cyanamidfabrikken om lag 400 arbeidarar, 24 formann og 20 funksjonærar.

Dei to fabrikkane betalte ut om lag tre millionar kroner i årsløn.

Eit «Folkets Hus» vart reist i 1914 av Odda Arbeiderforening, som vart skipa så tidleg som 6. november 1906.

For å få stabil arbeidskraft bygde fabrikkane bustader for utleige til dei tilsette. Arbeidarbustadane på Nyland, Krenkesflot og i Tjoadalen høyrde til karbidfabrikken. Cyanamidfabrikken bygde funksjonærbustader i Kriken og arbeidarbustader på Bakke. Ved fabrikkane vart det også oppretta «Egne Hjem»- selskap.

Tusen arbeidslause

Verdskrigen frå august 1914 stogga ikkje fabrikkane, sjølv om pengestraumen frå London stogga opp. Det var bruk for nitrogengjødsel til matproduksjon og cyanamid til sprengstoff.

Depresjonen etter krigen svei mykje verre.

I 1921 kunne dei ikkje betala straumrekninga, og fabrikken stogga.

Nærare 1000 mann vart arbeidsledige. Ei tragedie for Odda-samfunnet og den einskilde.

Det vart sett i gang naudsarbeid. Fabrikkarbeidarar gjekk på vegarbeid med låg løn.

A/S Tyssefaldene fekk tilslaget på tvangsauksonen etter konkursen.

I gang att

Hausten 1924 kom verksemda i gang att, med begge fabrikkane i eit nytt selskap som fekk namnet Odda Smelteverk AS. Hafslund-Meraker-gruppa hadde aksjemajoriteten.

I 1937 kjøpte British Oxygen Company (BOC) opp aksjane. Britane sit med ansvaret for rydding av tomta, til anslagsvis 300 millionar kroner, dersom verksemda blir lagt ned før utgangen av 2003. Dette er avtalt i kontrakten då BOC selde Odda Smelteverk AS til amerikanske Phillips Bros. Inc. for nokre få år sidan.

Dicy kom i 1951

Nye produkt vert utvikla, og i 1951 vart dicyanamid-fabrikken (Dicy) bygt. I 1955 vart karbidanlegget kraftig modernisert, og kapasiteten dobla i 1976. Verdens største lukka karbidomn vart sett i produksjon i 1982.

Moderniseringa aukar ikkje talet på tilsette. Tvert om. I 1987 var talet på tilsette kome ned i om lag 350. I dag 204.

Hovudkjelde og historiske foto:

Norsk Vassdrags- og Industristadmuseum, Tyssedal.

Viktige årstal for Odda Smelteverk

1906: Anleggsarbeidet i gang.

1906: Fagforeining skipa.

1908: Klart til produksjon (mai).

1912: Cyanamidfabrikken utvida

1913: Karbidfabrikken utvida.

1914: Folkets Hus bygt.

1914: Dr. Peterson omkom

1921: Konkurs. 1000 arbeidslause.

1924: Odda Smelteverk AS skipa

1924: Verksemda i gang att

1937: British Oxygen Company inn.

1951: Dicy-fabrikken blir bygd.

1955: Karbidfabrikken modernisert.

1976: Karbidproduksjonen dobla.

1982: Ny, moderne karbidomn.

1982: Betre arbeidsmiljø, og utemiljø.

1988: Dicy-fabrikken automatisert.

1989: Karbidpakkeriet automatisert.

1993: Tryggleikssertifikat ISO 9001

1995: Dicy-fabrikken utvida.

1998: Omsetnadssvikt. 220 permittert.

1998: Phillips Brothers kjøper OS.

1998: Cy50-fabrikk vert bygd.

2001: Omsetnadssvikt, innskrenking.

2002: Trugsmål om full nedlegging.

1908: Frå fabrikkområdet like etter at drifta kom i gang i 1908. Smeltediglane på tralla i framgrunnen er truleg på veg til reparasjon på verkstaden til høgre. Trikkeskinnene rundt hushjørnet til venstre er til transporttrikken som i 50 år frakta ferdigvarer til utskipskaien.