TERJE ULVEDAL

Sotutsleppet kom frå det store cruiseskipet «Costa Europa» som tidlegare i dag klappa til kai i Olden.

— Skipet gjekk for sakte fart inn fjorden. Då dei sette motorane i revers, kom store mengder svart sot opp skorsteinen. Soten la seg rett ned på fjorden, opplyser lensmannsbetjent Ole Stig Bjørhovde til bt.no.

Først trudde folk i Olden at det var eit digert oljeflak dei hadde fått på Nordfjorden. Men det var det heldigvis ikkje.

— Det lignar veldig, og ser ikkje særleg fint ut. Vi ser ikkje så alvorleg på dette utsleppet, men har sendt mannskap ut i to båtar for å prøve å samle opp sotet, seier Bjørhovde.