No ber fylkeskommunen om at Ulvik og Eidfjord blir samde om kva for ein kai det skal satsast pengar på.

Det kan bli eit motvillig samarbeid.

— Eg vil jo tru at det er ei utfordring i og med at vi har så ulike produkt å tilby desse cruiseskipa, og det er ingen plass midt imellom, seier ordfører Jon Olav Hegseth i Ulvik herad.

— Dette er ei sak der vi sannsynlegvis bør framheve vårt eige fortrinn og spele det inn for fylkeskommunen, seier ordførar Anved Johan Tveit i Eidfjord kommune.

Ja til løyving

Eidfjord kommune har søkt fylkeskommunen om 11 millionar kroner, Ulvik herad om 10 millionar kroner. Pengane skal dekke halvparten av kostnadene ved dei planlagde cruiseskipskaiene.

Eidfjord-ordførar Tveit vona i det lengste at fylkesrådmannen skulle gi eit klart råd til fylkesutvalet om kva for cruiseskipskai det burde satsast på.

Men fylkesrådmannen trur ikkje det er rom for to cruiseskipskaier i Indre Hardanger og rår fylkesutvalet til å gå inn for å løyve pengar berre til ein av kaiene.

Saka skal endeleg avgjerast på fylkestinget 11.-12. juni i Lofthus i Ullensvang.

Sakkar akterut

I år ventar Ulvik 35 cruiseskip, Eidfjord 25. Begge kommunane meiner cruiseskipstrafikken i Hardanger har sakka akterut i høve til Geiranger og Nordfjord, og at den vil ta seg kraftig opp dersom turistane kan gå rett i land i staden for å vere nøydd til å bruke lettbåtar til lands.

— Alle undersøkingar viser at det er mykje fleire som går i land viss du får kai, seier Tveit.

Han viser til at Olden i Stryn kommune auka sine cruisebesøk frå 30 til 45 straks cruiseskipskaia der stod ferdig i 1992.