ATR 42-maskinen var nesten full ved avgangen klokka 18.10. Då landingshjula ikkje let seg trekkja opp, valte piloten å gå tilbake til Stord lufthamn Sørstokken.

Coast Air hadde eit anna fly klart på flyplassen. Og klokka 19.15 tok reserveflyet av for Oslo lufthavn Gardermoen med 37 passasjerar om bord, opplyser Coast Airs administrerande direktør Inge Sundfør.

Coast Air har hatt ruteflyging mellom Stord og Oslo sidan 1. april i år i konkurranse med Golden Air. Men passasjerbelegget har vore dårlegare enn selskapet rekna med, vedgår Inge Sundfør.

På forsommaren reduserte Coast Air ruta til ein dagleg avgang i kvar retning, og nyleg blei tilbodet redusert ytterlegare. No flyg selskapet til og frå Oslo berre fredagar og sundagar.

Coast Air har teknisk base for sine ATR-fly på Stord lufthamn.