EYSTEIN RØSSUM DAG IDAR TRYGGESTAD (foto)eystein.rossum@bt.no

— Eg sette kaffen i halsen då eg fekk BT på bordet tysdag morgon, seier driftsleiar Odd Fondevik i FAV Gruppen AS. Gjennom selskapet Veidung Energi AS eig dei Gravdalsveien 11, der «Club Erotica» arrangerte fest sist laurdag.

Fondevik ante ingenting om at kjellaren var gjort om til selskapslokale og utrusta med tappetårn for øl, full bar og dansegolv med strippescene.

— Vi hadde leigd ut til ein MC-klubb tidlegare. Dei flytta ut 1. mars. Då tok eit selskap som kalla seg Bergen Positiv Fritid AS over, seier Fondevik.

Ifølgje driftsleiaren skulle også desse folka bruke kjellaren som lokale for ein MC-klubb, med namnet «Love Riders».

— Vi har hatt berre gode erfaringar med MC-folka som har leigd av oss tidlegare, seier Fondevik.

- Lik Kommandantboligen

I offentlege register er det ingen spor å finne etter leigetakaren Positiv Fritid Bergen AS. Selskapet er ikkje registrert i Brønnøysund, og står heller ikkje i telefonkatalogen.

Skjenkekontoret i Bergen kommune tykte dette var merkeleg då selskapet i fleire omgangar søkte om skjenkjeløyve for festar i lokalet. Mannen som seier han står bak Positiv Fritid Bergen AS, Robin Nilsen (35), opplyste då at selskapet er under etablering, og at det først vil bli formelt stifta i løpet av april.

Målet skulle vere å arrangere karaoke-kveldar, fotballkveldar, danseshow, stand-up-kveldar, bursdagar, utdrikkingslag og bryllaup, går det fram av fleire brev Nilsen sendte til kommunen. Han samanlikna konseptet med drifta av Kommandantboligen i Gravdal.

Kommunen gav til slutt løyve for skjenking i lukka lag laurdag 27. mars. Også to veker tidlegare hadde Nilsen fått løyve til å selje alkohol i kjellaren. Då var det to 30-årsjubilantar som skulle feirast, med inviterte gjester og lukka lag.

Skifta ut dørlåsen

Nå skal bli slutt på festane i regi av Positiv Fritid Bergen AS og Robin Nilsen, skal vi tru huseigaren. I går formiddag skifta han ut låsen i ytterdøra og hengde opp lapp om at lokalet er stengt.

— Vi kjem til å seie opp leigeforholdet. Leigetakaren har ikkje lenger tilgang til bygget, seier Fondevik. Grunnen er det hen meiner er brot på leigekontrakten.

— Det står heilt klinkande klart at alle endringar i lokala skal varslast til huseigar. Vi har ikkje høyrt noko som helst om at kjellaren var gjort om til festlokale, seier Fondevik.

FAV Gruppen AS er ein stor utleigar av hus i Bergen, og har aldri vore ute for tilsvarande saker tidlegare.

— Vi må berre seie oss lei for det som har hendt. Nå vil vi ha dei ut, seier Fondevik, som er budd på å gå til namsmannen for å få gjennomført utkastinga.

Politiet vil ikkje seie om dei vil gjere noko med «Club Erotica», eller mennene som står bak.

— Vi har hatt kjennskap til at klubben har vore i drift ei stund. Kva politiet gjer, vil eg ikkje gå nærare inn på, seier politistasjonssjef Bernt Adler Solberg ved Bergen Sentrum politistasjon.

KROKEN PÅ DØRA: Denne kunngjeringa vart i går formiddag slått ved døra inn til klubben i Gravdalsveien 11. Leigetakaren har ikkje lenger tilgang til lokala.<p/>FOTO: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN