EYSTEIN RØSSUM

Når rettssaka mot Trond Ragnvald Ramsland (39) tek til i Bergen tingrett i morgon, har ikkje politiet noko drapsvåpen å leggje fram. Pistolen som vart brukt under det brutale drapet i Citypark i mars er sporlaust borte.

Det einaste politiet veit, er at tobarnsmora vart treft av fire skot, avfyrt på kloss hald, frå ein pistol med kaliber .45.

Heime hos den drapstiltalte marineoffiseren fann politiet ei mørk pappøskje. På lokket stod det «Colt .45», på undersida var eit sekssifra nummer skrive for hand.

Politiet trur drapsvåpenet kan stamme frå denne boksen. Etterforskarane har prøvd å finne ut kva slags pistol som kan ha høyrd heime der, utan å finne eit eintydig svar.

Brukt i marinen på 80-talet

Bergens Tidende har vore i kontakt med det historiske arkivet på Colt-fabrikken i Hartford, Connecticut. Der opplyser historikar Kathleen J. Hoyt at det sekssifra nummeret på baksida svarar til serienummeret til ein bestemt Colt .45, av den såkalla 1911-modellen. Det aktuelle våpenet vart seld til den amerikanske stat, og skipa til Springfield Armory i Massachusetts 6. oktober 1917.

Den halvautomatiske pistolen Colt .45 1911 var standard handvåpen for USAs militære både under første og andre verdskrig.

Etter andre verdskrig fekk Noreg overta ei lang rekkje av akkurat desse våpna.

— Gamle Colt .45-pistolar var i alle fall i bruk i den norske marinen til langt ut på 1980-talet, seier Thor Andreas Grannæs, nestformann i Norske Officerers Pistolklub.

Ein del av Marshall-hjelpa

Ein del av pistolane kom gjennom Marshall-hjelpa. Eit større tal handvåpen kom til Noreg frå USA om bord på amerikanske marinefarty som Noreg fekk overta etter krigen.

— Ein del av desse kom i grå pappøskjer, med handskrivne serienummer på baksida, seier Grannæs.

Colt .45 er i dag ikkje lenger i bruk i Forsvaret. Dei gamle våpna skal anten vere destruert eller sendt attende til USA. Det har ikkje vore opna for at norske samlarar kunne ta over slike utrangerte pistolar i Noreg.

— Ein Colt .45 frå 1917 er fullt ut brukbar, dersom han er tatt skikkeleg vare på. Det er berre gjort små modifikasjonar på modellen fram til i dag, seier Grannæs.

- Kom mange med sjøfolk

Etter drapet i parkeringshuset opplyste Forsvaret at drapsvåpenet ikkje kan ha vore eit våpen som den drapstiltalte kapteinløytnanten har hatt tilgang til i tenesta.

Men det er uklart om Forsvaret har full oversikt over alle serienummer som har vore innom det norske Forsvaret frå andre verdskrig og fram til i dag.

Grannæs er sjølv aktiv våpensamlar, og er kjent med at våpen av denne typen har kome hit til landet også på anna vis.

— Like etter andre verdskrig var det mykje våpen i omløp. Under krigen var den slags forbruksvare, og mange sjøfolk hadde med seg pistolar heim som dei hadde fått tak i i utlandet, seier Grannæs.

BRUKT I FORSVARET: Heilt fram til 1980-talet vart slike halvautomatiske pistolar av typen Colt .45 brukt i den norske marinen. Mange av dei kom frå USA med Marshall-hjelpa etter krigen.<p/>(FOTO: M1911.org.)