Lovendringa som vart vedteken i Odelstinget nyleg har sett fart i arbeidet med å skipa Hardanger siderprodusentlag. Dei vil arbeida for sider av høg kvalitet, merkevarebygging og regional verdiskaping. Planteforsk Ullensvang er ein viktig samarbeidspartnar for utvikling av kvalitetskrava.

Sams forvaltning

Hardangerrådet la fredag rådsmøtet sitt til Planteforsk, den tidlegare forsøksgarden ved Lofthus. Rådet støttar interimsstyret sine siktemål, og sa ja til ei sams forvaltning av siderløyva i dei sju Hardangerkommunane. Det er ikkje meininga at einkvar gard skal ha sin heimabrygg— eller siderpub. Det blir sett krav til standard og storleik på skjenkelokale.

— Dei sju kommunestyra har siste ordet innanfor kvar sin kommune, men vi legg opp til at krav og sakshandsaming blir lik. I vår digitale tid, kan det godt tenkast at eit fåtal sakshandsamarar, uavhengig av kommunegrensene, spesialiserer seg på denne typen saker og gjev innstilling til alle kommunestyra, seier dagleg leiar i Hardangerrådet, Leiv Anders Vambheim til Bergens Tidende.

Viktig sak

Hardangerrådet ser på siderproduksjonen som ei svært viktig sak for merkevarenamnet Hardanger. Det kan gje fruktnæring og gardsturisme ei viktig tilleggsinntekt og gjera Hardanger enda meir attraktiv for tilreisande. Men det kan også verta ein flora av tilverking og servering der alle jobbar for seg, slik at Hardanger framstår som useriøs og kvalitetsbevisstlause. Det er særleg no i startfasen at ein standard vert sett. Allereie til hausten skal dei nye kommunestyra handsama sals- og skjenkeløyva for komande valperiode. Før den tid må mykje vera koordinert, meiner koordinatoren i Hardangerrådet.

I tillegg til skjenkestader heime hjå siderprodusentane, opnar den nye lovparagrafen for at hotell, restaurantar og andre som har skjenkeløyve frå før, kan få løyve til å laga øl og sider til gjestene sine. Det vert også lempa på restriksjonane mot import.

KVALITETSKONTROLL: Laboratorieleiar Sigrid Flatland ved Planteforsk Ullensvang sjekkar sider i blått lys. Akkurat denne flaska er faktisk ikkje frå Hardanger, men frå Kalfaret Kultur AS i Bergen, der musikaren Njål Vindenes er ihuga siderentusiast.<br/>Foto: ARNE HOFSETH