Trailervelten på Storebø i Austevoll i dag kunne fått langt verre følgjer. Ein telefonstolpe kilte seg inn mellom hengaren og styrehuset. Hadde traileren velta eit sekund tidlegare, hadde stolpen truffe styrehuset på sjåførsida.

— Plassen er no skumlagt grunna brannfaren, fortel vitnet Hallvard Medle til bt.no.

Traileren er full av laks og hadde truleg henta lasten ved Austevoll Fiskeindustri, med kurs for Europa.

Det er smal veg på stedet, men ikkje særskild glatt.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 10.54 tysdag.

– Me veit ikkje kva som er årsaka til ulykka enno, seier operasjonsleiar Inger Myrtvedt.

2211-tipsar