Brevet er sendt til Barnehagekontoret for månadsvis sidan. Det var nok av det første du gjorde etter fødselen. Ein lasta ned eit skjema frå internett, fann fram til tre passande barnehageval, kryssa alle fingrane, klistra konvolutten igjen og sendte søknaden av garde. Ikkje ein lyd har du høyrt, ikkje ein papirlapp i posten frå kommunen.

Det vesle barnet, som no har blitt ein stabbande eittåring har krav på eit svar: Kva har de tenkt å gjere med meg?

DET ER OGSÅ SLIKT som får ein til å liggje vaken det første året i ein baby sitt liv: Ein har greidd å auke folketalet i ein by som, når det viser seg, ikkje er interessert i at det skal bu så mange barn der. Ein kan til og med slumpe til å bu i eit område i byen (Møhlenpris), som Fylkesmannen tilsynelatande meiner ikkje eignar seg for barn i det heile. Då Høyteknologisenteret ved Rieber Eiendom søkte om å få bygge barnehage på tomta var avslaget grunngjeve med at det var for mykje støy og støv i området. Dette ifølgje Bjart Nygaard, adm. dir i Rieber Eiendom. (Oppfølgingsspørsmål til Fylkesmannen: Kor mange born bur det på Møhlenpris?)

KVA GJER EIN ? Ein søkjer kontantstøtte, og i siste liten, etter å ha venta på at det vidunderlege skulle skje, at barnehagar skulle opna seg, så resignerer ein og set inn annonse i avisa etter dagmamma, og bur seg på å bli ufrivillig kontantstøttemottakar. Ikkje utan store indre konfliktar. Så tek telefonen til å kime.

Den første kan knapt snakke, den andre seier ho aldri har vore borti barn før. Den tredje inviterer på vitjing. Der kjenner ein i alle fall at dette er ein heim der det blir røykt inne. Ein har ikkje særs lyst til at barnet skal vere passiv røykar. Den fjerde er ein arbeidslaus mann.

EG HAR LÆRT meg til å kjenne det igjen på blikket. Svangerskapspermisjonen byrjar å nærme seg slutten. Mor og far må attende i jobb. Kva val har ein?

2390 barn står utan barnehageplass i 2006 i Bergen. Ein liten samtalerunde avdekkjer historiene. For ein del blir konklusjonen permisjon utan lønn, så lenge ein kan greie det. Nokre slumpar til å treffe på eit hjartegodt menneske. Nokre lukkar att augo og vonar på det beste. Det er sjølvsagt både uakademisk og ikkje påliteleg synsing, men før Bergen får ei akseptabel barnehagedekking, er eg ikkje i tvil at Cash framleis kjem til å vere King.