Uhellet skjedde då han skulle ta mot blomar etter ei framsyninga i Sogndal Kulturhus. I følgje Sogn Avis greidde ikkje Carte Blanche-leiaren å skjule at fallet frå scenekanten gjorde svært vondt, og dei andre dansarane måtte hjelpe han bak sceneteppet.

Fagerholt blei lagt inn på Lærdal sjukehus etter framsyninga i Sogndal. Administrasjonssekretær Gerd Stautland i Carte Blanche seier skuldra truleg må opererast, og at det sannsynlegvis vil skje på Haukeland.

Framsyninga i Sogndal var den siste før ensemblet har bergenspremiere på Danseteatret.