Han overrekte diplom og bronsemedalje frå Carnegies heltefond til 1.klassingen Ole Jørgen Johansen Drønen, som i februar i år berga kameraten Tor Robin Sørvik Didriksen frå drukning heime på Stolmen.

Tor Robin skulle testa om isen på brønnen var trygg å gå på, noko han ikkje var. Ungguten fall i det kalde vatnet og heldt seg i eit røyr medan Ole Jørgen sprang etter hjelp.