TERJE ULVEDAL

Det har lenge vore kjent at Hydro har forhandla med Timminco om sal av verket. Avisa Ytre Sogn skriv i dag at Hydro og Timminco er så godt som samde om vilkåra for sal av verket.

Det som står att skal vere juridiske spørsmål knytt til kraftavtalane. Hydro skal vere villige til å la det nord-amerikanske selskapet ta over avtalane, men dette må godkjennast av ESA-domstolen.

Dersom alt går i boks vil det canadiske selskapet ta over alt frå 1. januar. Timminco er frå før tungt inne på eigarsida i bilfelgfabrikken Fundo Wheels i Høyanger.