Dei var komne langt på veg i oppryddinga og opptørkinga etter den første flommen i september. Rekna med å kunne flytte tilbake i huset ved juletider.

Så kom flom nummer to, og det var berre å starte på'an igjen.

Seks centimeter vatn i stova

Vi står i det som ein gong var ei koseleg stove. Vi står på rå betong, langs alle veggene er isolasjon og kledning flekt av.

Slik er det i heile sokkeletasjen på den åtte år gamle einebustaden. Vatnet stod seks centimeter over golvet på kjøkkenet, i stova, i entreen, buer og andre rom.

To svære bygningsomnar står og durar i rommet, sender den tørre varmlufta gjennom tommetjukke rør og ned i isolasjonslaget i betonggolvet. For andre gang på få månader må det tørkast ut, og no kan endeleg snikkarane snart kome i gang med arbeidet.

Likevel er det klart at det ikkje blir julefeiring i denne stova. Ikkje i år.

For familien på fem lever for tida dagleglivet sitt utanfor husveggen, i ei campingvogn.

— Vogna hadde vi ståande på Voss, klar for vinterlagring. Men slik gjekk det jo ikkje, seier familiefar Finn Hoff.

Han viser oss inn i residensen. Vi står i snøværet og opnar glidelåsen med eit lite kvin, og er inne i forteltet. Her må skoa av, og vi opnar døra og hukar oss inn i sjølve vogna.

Til venstre eit lite, rundt bord med benker rundt. Rett fram ein kjøkkenkrok med gassbluss, rett til høgre eit kjøkkenbord. Lengst inne er soveavdelinga, der alle fem får plass i seng og etasjekøyer.

Og det er det.

Livet i vogna

— Første gangen gjekk det eit par dagar før vi forstod kor ille det var, og at dette kom til å ta tid, seier Finn. - Vi hadde heldigvis bestilt oss ein tur til Kreta, og kunne faktisk reise frå heile kaoset. Da vi kom heim fekk vi låne ei leilegheit av nokre vener som var på ferie, men deretter måtte vi finne ei ordning. Vi fann ut at det beste alternativet var campingvogna, trass alt.

Alt i førsteetasjen var vått, og familien har vore gjennom ein stor rydde, tørke- og renseaksjon på eigedelane sine.

Så kom dagleglivet i campingvogna.

  • Største problemet er sjølvsagt plassen, å finne stader å gjere av klede, leikene til barna og alle mogelege ting. Men det har jo gått på eit vis.

To vaksne foreldre, Marius på elleve, Mariell på åtte og Marte på sju år krev også sin plass. Og mykje tolmod.

— På ein måte har dette sveisa oss enda betre saman. Barna har vore greie, dei forstår jo at det ikkje er så mykje alternativ, smiler Finn.

Litt knuffing om køyeplassane høyrer med. Elles har dei vore uvanleg mykje på besøk hjå kameratar og veninner i nabolaget dette siste halvåret.

God nabohjelp

— Vi har hatt kjempegod hjelp frå naboane her. Dei har lånt oss det vi treng, anten det er å bruke steikeomnen eller noko anna.

Heldigvis har badet og andreetasjen i huset overlevd flommen, og familiemedlemmene har gått i skytteltrafikk mellom vogna og badet til morgonstell, dobesøk og slikt. Skadane på huset vil truleg koste rundt 140.000 kroner.

Sjølv om kommunen no har bidratt til å forbedre dreneringa i Holtermannsvegen der familien bur, kjem dei nok til å følgje ekstra godt med på værmeldingane i tida som kjem.

No ser Finn og kona Ann Merete fram til å flytte i hus igjen, vonleg ein gong i slutten av januar.

Det gjer også Marius, som godt kan hugse den dramatiske natta då vatnet kom inn i stova.

— Eg vakna av ein brannbil som stod like utanfor huset. Og så gjekk eg rundt i stova i berre undikken og sjøstøvlar, fortel han.

— Var det litt ekkelt eller?

— Nei da, eg syns det var kult.

Vegar Valde