• Den første influensavaksina når fram til apotekhyllene i Bergen og Vestlandet neste veke.
  • Nytt i årets vaksinecoctail er viruset California. California erstattar Fujian — viruset som sende over 100.000 nordmenn rett til sengs i førjulsstrida 2003.

Så langt er det du nettopp har lese omtrent alt forskarane veit sikkert om influensasesongen vi går i møte.

— Som alltid. Vi veit ingenting. Det er umogleg å spå, men ingenting tyder på eit veldig stort utbrot i år, seier forskar Olav Hungnes ved Folkehelseinstituttet.

Namnet skjemmer ingen, men California kunne like gjerne fått namnet Norway - eller Nepal.

— Influensavirus går kloden rundt som ein stafettpinne, og opphavet er derfor vanskeleg å plassere geografisk, forklarar Hungnes til BT.

— Det nye influensaviruset vart oppdaga omtrent samtidig i fjor i Noreg, Nepal og California. Men det var i California forskarane først fekk fram ei virusstamme, som eigna seg til vaksineproduksjon.

Ofte går det 5-10 år mellom kvar gong du får influensa. Men slo Fujian deg ut for to år sidan, er det likevel ingen garanti mot sjukdom i vinter. Nokre av oss får kraftig influensa ganske ofte, medan andre slepp heilt unna. Men det du trur berre er forkjøling, kan også vere ein mild variant av influensa.

— Berre halvparten av dei som blir smitta, får klassisk influensa, opplyser Hungnes, og listar opp typiske symptom:

  • Brå febersjukdom og frostrier
  • Hovudpine
  • Kroppsverk
  • Luftvegsinfeksjonar, sår hals, rennande auge og tørrhoste
  • Varar i 3-5 dagar, i tillegg til ein «slapp» periode som kan vare ei veke eller meir.