CIV eig 57 prosent av Sogningen, som etter fem år har gitt null avkastning til CIV ifølgje revisorrapporten 2002.

Det er revisor Rolf O. Strøm som kjem med dei kritiske merknadene til CIV-rekneskapen for 2002. Han skriv at verdien på både lån og aksjekapital som CIV har i Sogningen Storsenter i Sogndal «burde vore vesentleg lågare».

Administrerande direktør Trond Holst i Coop Indre Vestland var i går ikkje tilgjengeleg for kommentar til revisorvarslet om at det står dårleg til med investeringane i eit av dei største varehusa i Sogn og Fjordane.

På toppen av problema i Sogndal bør CIV ta tapsavsetning, og skrive ned eigenkapital, også i resten av eigedoms-porteføljen sin i Hardanger, Voss og indre Sogn meiner revisor Strøm.

I Sogningen Storsenter har CIV nyleg kvitta seg med to klesbutikkar, og har dårleg inntening også i den store skobutikken i storsentret ifølgje Sogn Avis. CIV har eit engasjement på heile 31,6 millionar kroner i Sogningen Storsenter som vart opna for fem år sidan, men har gitt null utbytte til CIV av investeringane. Ifølgje rekneskapet 2002 vart det i fjor heller ikkje betalt avdrag på låna som Sogningen Storsenter har i Coop Indre Vestland. Problema fører til at CIV berre betaler ein prosent kjøpeutbytte til kundane sin ei region Indre Vestland for året 2002.