— Vi gjekk ut før vi hadde løysingane, og vi gjorde det for å lokka fram reservoaringeniørar, vedgjekk Norske Shells administrerande direktør Johan Nic. Vold på Stordkonferansen i går.

Blant ingeniørane sine store utfordringar er spørsmålet om kva reservoara toler av injisert CO2, og om plattformer og røyrsystem toler korrosjonspåkjenningane frå klimagassen. Økonomien i prosjektet er også høgt usikker, blant anna fordi det er uklart kor mykje ekstra olje det er råd å få ut av Draugen og Heidrun ved å pressa CO2 under havbotnen.

Eit gasskraftverk på Tjeldbergodden vil dels kunna avhjelpa Møre og Romsdal og Trøndelag si varsla kraftkrise. El-kraft frå Tjeldbergodden kan også føra til elektrifisering av Heidrun- og Draugen-plattformene. Statoils konsernsjef Helge Lund har før gitt uttrykk for at det blir ei svært krevjande oppgåve å få til eit gasskraftverk på selskapets anlegg på Tjeldbergodden. Endeleg stilling til prosjektet blir ikkje teke før i 2008.

Struttar av sjølvtillit

Det var ei olje- og offshorenæring som surfar på ein bølgjetopp og som struttar av sjølvtillit og framtidstru som viste seg fram på årets Stordkonferanse. For berre få år sidan var dette i hovudsak ei pessimistisk og sutrande forsamling som etterlyste statleg initiativ, nye leiteområde og nye utbyggingsprosjekt.

— No har vi meir enn nok å gjera, og burde kanskje vore aktive overfor styresmaktene for å få utsett enkelte prosjekt, sa Erling Matland, styreleiar i den nye næringsorganisasjonen Norsk Industri Olje og Gass.

— Vi ser føre oss eit høgt aktivitetsnivå fram til 2010, og investeringar for 90 milliardar kroner i prosjekt på norsk sokkel. Det er spennande utsikter, sjølv om oljeprisen går ned i 50 dollar fattet, sa Matland.

— Nordområda er eit viktig satsingsområde for regjeringa. Men vi treng fleire funn for å ha ein langsiktig og stabil petroleumsaktivitet, sa statssekretær Anita Utseth i Olje- og energidepartementet. Ho viste til at det til no berre er gjort to viktige funn på norsk side i Barentshavet; gassfelta Snøhvit og Goliat.

Toppklasse

— Eit norsk design-, ingeniør- og verftsmiljø i internasjonal toppklasse gjer det mulig å byggja verdas største og mest avanserte boreriggar, sa Aker ASA sin konserndirektør Geir Arne Drangeid.

To Aker-riggar av typen H-6 ekstrem skal byggjast ved Aker Kværner Stord for levering i 2008. Verdien av kvar av riggane er 3,8 milliardar kroner.

— Det er krevjande å byggja riggane i Noreg. Men vi greier det fordi vi utnyttar kunnskapen vi har i hovuda våre, og fordi norsk industri og Aker har eit stort truverde, bygt på avansert kompetanse og teknologi gjennom 35 års offshoreerfaring, sa Geir Arne Drangeid.