Frister fotballfisken? Si din mening i kommentarfeltet.

— Erstattar me brusen med flaskevatn og pølsa med fisk vil ungane synast at det er like godt. Men det er mykje sunnare, seier Geir Jonassen, dagleg leiar i Cold Cat.

Produktet med det treffande namnet Cold Cat tek mål av seg å vera det motsette av hot dog. I staden for usunne pølser skal det vera ørretpaté eller røykt ørret, i staden for fint brød skal det vera grovt og dressinga vert erstatta med salatblad. I tillegg skal det serverast vatn til fisken, ikkje brus.

På fleire skular i Hordaland er allereie Cold Cat etablert, og no vert Os sin heimebane Kuventræ den første idrettsarenaen som permanent byter ut hot dog med fisk på kampane sine.

— Eg trur det handlar om å gjera fisk tilgjengeleg der det ikkje er tilgjengeleg frå før. Då kjem folk til eta det, seier Jonassen. Han har teke på seg å vera sponsor for Os Turn Fotball og skal gje klubben økonomisk kompensasjon dersom fiskesalet gir dårlegare inntekter enn kva pølsene gav i fjor.

Ønskjer fisken velkomen

Eit samrøystes styre i Os Turn Fotball står bak avgjerda om å selja fisk på heimekampane.

— Målet er ikkje å hindre folk i å velja pølser, men å gi publikum og dei som trenar eit godt høve til å prøva snarmat av fisk i staden. Det er ikkje ein gong kjøpt inn ketchup og sennep dette året, seier Bjarte Wiberg, fungerande dagleg leiar i Os Turn Fotball.

— Me ønskjer å få fiskerinæringa på bana i forhold til idretten. Både når det gjeld sponsing og maten dei produserer, seier Wiberg.

Cold Cat har allereie vorte seld på ulike idrettsarrangement i fylket, men framleis er pølser og brus det mest vanlege. Det skal endrast, dersom Jonassen får viljen sin.

— Me ønskjer å gjera Cold Cat tilgjengeleg på alle idrettsarenaer i fylket. Det er inn i tida med sunn mat og trening, og målet vårt er å gjera folk medvitne på å velja fisk, frukt og flaskevatn i staden for pølser og brus, seier Jonassen.

Får skryt frå Olympiatoppen

Satsinga på fisk framfor pølser vert applaudert av Hilde Gudem, klinisk ernæringsfysiolog i Olympiatoppen.

— Å bytta ut pølse med fisk gjer at ein får mykje mindre av det metta feittet i pølsene, og meir av det sunne umetta feittet frå fisken, i tillegg til at det er omega 3-syrer, vitamin og protein. I grovt brød er det også meir fiber, noko som mettar i lengre tid, seier Gudem.

Ernæringsfysiologen har ikkje mykje positivt å seia om pølser, og meiner mat som hamburgarar og pølser har alt for mykje usunt feitt i seg.

— Om to pølsemenyar i veka vert bytta ut med fisk vil det ha ein positiv effekt på helsa, seier Gudem.

— Omega 3 er også gunstig for å hindra betennelsar hos idrettsutøvarar, seier ho.

I det heile får Cold Cat ros frå ernæringsfysiologen. Men kva med smaken?

— Om dette vert ein suksess er sjølvsagt heilt avhengig av folk. Det er i tida å finna sunne alternativ som folk synest smakar godt, men det er vel alltid nokon som vil sakna pølse og brus, seier Gudem.

Og BTs eigen karakter på Cold Cat? Godt, og i alle fall betre enn pølser.

Les flere nyheter fra Os og Fusa på våre lokalsider

IVRIGE FISKESELJARAR: Aleksander Havsgård og Kristian Tysseland (til høgre) selde fisk på Os sin kamp mot Viking 2 i midtveka. - Me synes dette er ein kjempeidé, seier dei to. FOTO: ØYSTEIN VIK