Ein 1996-modell ambulanse med båre manglar godkjenning av helsebyråkratiet. Båretransport av sjuke på Borgundøy i Sunnhordland må difor utførast på ein traktor med steinsvans. Bortsett frå når ambulanseeigaren, den einaste drosjesjåføren på øya, opptrer som lovbrytar.

Sverre Johnny Bjellebø har 10-12 båretransportar i året, og har kjøpt ambulansen for eiga rekning. Men Helse Fonna kan ikkje ta mot gåvepakka. Det manglar nemleg heimel i lova for å registrera drosjar med bårer. Utan godkjenning må ambulansen seljast. I så fall vil det ikkje vera bilar att på øya med plass til båre, og traktorsvansen blir utan konkurranse.

Helse Fonna meiner å ha sitt på det tørre, og kallar situasjonen på Borgundøy for krisemaksimering. Det blir vist til at det finst andre øyar der båretransporten skjer på ymse vis.

Men det skal leitast lenge etter helsepersonell som blir frakta på traktorsvans. Det er sikkert gode grunnar til at drosjer med bårer ikkje skal godkjennast i vanleg trafikk. Heldigvis er det enno att ein del uvanlege stader her til lands. Helse Fonna har inga plikt til å driva paragrafrytteri. Det er ikkje ulovleg å vera klok.