Byrådar må bu i kommunen dei verkar, og Dag Inge Ulsteins adresse på Sotra stakk kjeppar i hjula for planen om å la han overta etter Lisbeth Iversen. Iversen trekte seg som helse og sosialbyråd fredag 24. mai, og Ulstein blei lansert som ny kandidat.

Slik BT skreiv sist veke, bur Ulstein (32) på Sotra med kone og tre born, men skulle skaffe seg hybel i Bergen og dermed sikre seg ei adresse som gjorde at han kunne gå inn i byrådsstillinga.

I løpet av helga kom det fram at det kanskje ikkje var så enkelt.

Heile familien må flytte

Folkeregisteret godkjenner ikkje flyttemelding dersom du har felles heim med ektefelle og barn.

Det betyr at heile familien må flytte.

No er saka om val av Ulstein utsett til neste bystyremøtet, fordi Ulstein ikkje har fått gjennomført og registrert flytting før bystyremøtet i ettermiddag, onsdag 29. mai.

Ulstein var i tirsdag i kontakt med Folkeregisteret for å få klarlagt kva slags krav dei stiller til ei flyttemelding.

— Vi har i eit halvt år vore på jakt etter ny bustad i Bergen. Flytte skal vi uansett, sa Ulstein til BT sist veke.

Tidlegare ungdomsprest

Spørsmålet er om umiddelbare flytteplanar er godt nok etter lova. Ei flyttemelding for heile familien vil ikkje bli handsama av Folkeregisteret før den faktiske flyttinga har funne stad, ifølgje kommunikasjonsdirektør Bodil Kjelstrup i Skatt vest:

«Meldingen kan sendes før flytting har skjedd, men vil ikke bli behandlet før flyttedatoen», skriv Kjelstrup i ein e-post.

- Vi må vere opne og ærlege om det som hender. Eg har hatt kontakt med Folkeregisteret i dag, og ventar på ei tilbakemelding. Eg håpar vi finn ei løysing. Dette må gjerast på rett måte. Så får vi sjå, sa Ulstein til BT tirsdag.

Ulstein har sidan mars 2010 vore busett i Fjell kommune. Han har tidlegare vore politisk rådgjevar for Filip Rygg. Han har jobba som ungdomsprest og er no tilsett ved Haraldsplass sjukehus, der han no avsluttar arbeidet sitt.