Arbeiderpartiet, SV og RV vil fremje mistillitsforslag mot byrådet på neste bystyremøte i oktober. Frp vurderer å støtte forslaget. Gjer dei det må byrådet gå.

— Vi skal sjølvsagt vurdere mistillitsforslaget viss det blir fremja, seier gruppeleiar Liv Røssland (Frp).

Ho held altså oppe presset mot byrådet, sjølv om få trur Frp vil gå så langt. Partiet vart ikkje med då dei tre «raude» partia melde at dei vil fremje mistillitsforslag på neste bystyremøte.

Reglane er slik at det ikkje kan fremjast mistillitsforslag direkte, men at det må meldast på eit møte før det kan fremjast.

Trøbbel i budsjettland

Men sjølv om byrådet overlever, vil framlegget gjere det endå vanskelegare for dei å gå til Ap for å få gjennom 2007-budsjettet.

I varselet frå Ap, SV og RV heiter at dei «vurderer» å fremje forslaget. Men i røynda har dei bestemt seg, seier Aps gruppeleiar Terje Ohnstad:

— Dette betyr at vi, saman med SV og RV, vil fremje eit mistillitsforslag mot byrådet på neste møte.

Han ser ikkje for seg noko byrådet kan gjere no for å hindre det.

Det er byrådsleiar Henning Warloes krumspring i HSD-Gaia fusjonen, som er bakgrunnen for mistillitsforslaget. Spesielt provosert vart bystyret, Frp inkludert, då Warloe på vegner av kommunen i sommar stemte for å utsetje fusjonen på generalforsamlinga i Gaia. Det gjorde han trass i at bystyret hadde sagt ja til fusjonen.

Tilsynet i revers

I august sendte så kommunen ein høyringsuttale til Konkurransetilsynet, der dei argumenterte sterkt for at fusjonen vil hindre konkurranse.

Det blir av opposisjonen sett på som nok eit teikn på at byrådet gjev blaffen i bystyret.

I ordskiftet i bystyret i går forsvarte Henning Warloe seg med at høyringsuttalen var skrive av to etatssjefar, og at etatane ikkje skal styrast politisk.

Opposisjonen svarte med å pålegge byrådet å rette opp høyringsuttalen «i tråd med bystyrets syn».