. heroinbyen 2001 EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no

32 menneske omkom i Bergen av overdose i fjor — dobbelt så mange som året før. 437 vart berga etter å ha fått behandling i siste liten - det er nesten ein tredel av byens meir enn 1500 sprøytenarkomane. I desse dagar går ein søknad til Helse- og sosialdepartementet frå Kirkens Bymisjon.Dei ønskjer i løpet av året å etablere eit hus for byens narkomane der dei kan få både opplæring, arbeid - og eit rom der dei kan setje sprøytene sine, under oppsyn av ein lege. - Nasjonalt spørsmål Slike rom er alt etablert både i Sverige, Tyskland og Nederland.- Eg er skeptisk. Narkotikamisbruk er ulovleg. Eit sprøyterom hamnar i grenseland mellom å skulle ivareta helsa til misbrukarane og å legalisere narkotika. Dette er eit dilemma, seier helsebyråd Kristin Ravnanger.- Eg trur heller ikkje det er så enkelt som at eit sprøyterom vil gjere slutt på overdosene, seier Ravnanger, som likevel ikkje stiller seg heilt avvisande. Dersom helse- og sosialminister Guri Ingebrigtsen seier ja til sprøyterom i Noreg, vil ikkje Ravnanger setje seg på bakbeina i Bergen. Ikkje utelukka - Eg ser på spørsmålet som ei nasjonal sak. Dersom det blir opna opp nasjonalt, vil eg tru vi får eit slik rom her i Bergen også, seier Ravnanger.Men i regjeringskontora er skepsisen minst like sterk. Statsråd Ingebrigtsen sa i Stortingets spørjetime sist onsdag at sprøyterom er i strid med FNs narkotikakonvensjonar, som Noreg har slutta seg til.Byrådet i Oslo stengde nyleg sprøyterommet som var opna ved Pro-senteret for prostituerte i Oslo, og leiaren i sosialkomiteen på Stortinget, John Alvheim (Frp), ville vite om Ingebrigtsen ønskte å gjenopne tilbudet.Statsråden vedgjekk at spørsmålet om sprøyterom er vanskeleg, og utelukka ikkje heilt tanken om å innføre ei slik ordning som eit prøveprosjekt. Ho vedgjekk også at det ikkje er nokon stor prinsipiell forskjell på å dele ut sprøyter til dei narkomane, slik det skjer i dag, og å tillate sprøyterom. - Krig mot dei narkomane Dagleg leiar i Kirkens Bymisjon, Leif Jarle Theis, meiner både Ravnanger og Ingebrigtsen er altfor defensive.- Bergen er heroinby nummer ein her i landet. Vi har ein drøss narkomane som lever med konstant fare for sitt eige liv. Det er uverdig at dei må ta dosene sine i kalde trappeoppgangar. Det offentlege seier dei fører ein krig mot narkotikaen, men krigen er mot dei narkomane. Og dei narkomane døyr, seier Theis.Kirkens Bymisjon treng åtte millionar kroner i året til drifta av det nye senteret. Dei håpar Helse- og sosialdepartementet kan bidra med halvparten, og at Aetat og Statens utdanningskontor eller Kyrkje- og utdanningsdepartementet kan stille med resten.Frå Bergen kommune er det tilsynelatande lite å hente:- Vi må først få på beina dei nye tilbuda vi sjølve har planar om - blant anna ei utviding av opningstidene på Strax-huset - før vi kan bruke pengar på desse nye planane. Men vi er i ein dialog om aktivitetstilbudet i huset, seier Ravnanger.