Opp til ti «usynlege» kraftverk kan plasserast i dalen, påviser Voss Energi og BKK.

BKK har skrota alle planar om dammar på 60 og 80 meter, den høgste ved Elvamot nord for Mjølfjell. I staden kan det produserast nær 1000 GWh årleg fordelt på ti kraftverk i fjell, til ein utbyggingskostnad på 272 øre pr. årleg kilowattime.

Skånsam Ordet skånsam står sentralt i argumentasjonen som skal nyttast til å få Stortinget til å snu.

— Men det nyttar ikkje utan sterk lokal vilje til å få det til, seier rådmann Einar Hauge.

Han vil gjerne ha potensielle motstandarar med i eit råd til å arbeida vidare med saka. Oppheving av vernevedtaket og den omfattande prosessen med konsesjonshandsaming vil ta tid, minst åtte-ti år før ein eventuelt kan koma i gang.

Konsekvensar Verste bøygen kan vera rikspolitikarredsle for konsekvensar. Dersom Raundalselva vert teken ut av verneplanen, kan det koma liknande krav frå andre stader i landet, og verneplanane kan rakna.

— Lokalt vil det vera stor interesse. Her ligg stort inntektspotensial for grunneigarane og kommunen og det kan bli pengar til sårt tiltrengt opprusting av Raundalsvegen (Palmafossen – Mjølfjell), jamnare vassføring for rafting og elvepadling, tiltak for Vossalaksen og andre miljøtiltak, seier Hauge.

Optimistisk Styreleiar i Voss Energi, tidlegare Bergenspolitikar Per Kragseth, ser to grunnar for at Stortinget skal oppheva vernet av Raundalselva.

— For det første er det ei heilt anna utbygging vi no ser på. For det andre er ei slik utbygging klimagunstig, seier Kragseth

Han minner om at nær 1 TWh ny vasskraft kan spara CO2-utslepp frå kolkraft i utlandet tilsvarande heile bilparken i Bergen. Og utbyggingsprisen er rundt ein firedel av vindmøller, som har langt kortare levetid.