Kone og husmor på gard er vorte mangelvare veit me. Gardar vert avfolka. Det er karfolk som lengst held ut, men åra tek på dei og. Det er synbert at noko er åfått. Garden er i forfall. Bruk etter bruk får denne domen over seg. Problemet er at kvinnfolkhjelp vantar og bygdene står meir og meir framfor avfolking.

Men så kan ein treffa på byjenter som er vorte kone på gard, og spørsmålet vil då melda seg: Kor går det?

Jau, det vil helst gå godt. Me finn slike som har greidd å ta arven opp og føre tradisjonen vi-dare, og me finn somme som jamvel er vorte tonegjevande og nyskapande.

Det sirlege med gardstell og arbeidet der har vore stellet av dyr og i første rekkje mjølking. No er dette og mekanisert, i alle fall få noko større gardsbruk. Men på mindre bruk og særleg småbruk vil det nok enno lenge vera handmjølking.

Men det er vel ikkje betre dette med stellet av dyr som skremmer dei unge— og då særleg kvin-nene – frå gard og stellet på gardsbruk. Det er vel heller slik at det er vakse fram noko som byr mot det heimlege, og at det samstundes er kome ein lengt i hugen etter noko som ein mei-ner skal vera finare og meir tilfredsstillande, og som skal vera å finna der folk flest er å finna – i byar og tettbygde stader.

Maisen, Marie født Bøe, no fru Toppe, er gift på småbruk og steller dyr, 7 storfe (kyr og kal-var) og ein flokk smaler. Dei har også drive med griseal.

Men spør kor ho likar stellet på gardsbruk.

Jau, ho likar det. Mjølkingi var strid til å byrja med. Det tok på handlevane og ho måtte ha bandasje. Men det gjekk, og no går det fint. Først stelte eg fjøset saman med svigermor, men etter ho vart borte, steller eg åleine.

Alt har snudd seg, seier svigerfar. Ingen gamle teikn gjeld lenger. Det er ikkje som før.

Maisen er heller ikkje kviafull når det gjeld å ta mot nyfødingar i buskapen, kalv og lam og grisungar.

Det må til, seier ho.

Marie var ikkje retteleg byjente, meiner ho. Rett nok var faren og mori frå Bergen, men ho vaks opp på fyr – Lindesnes, Makkaus og Oksøy.

Ein er nokså bunden med arbeidet på ein gard, seier ho. Ho kunne tenkja seg å vera litt mind-re bunden og reisa meir. Ho har sjølv tre born.

Det kunne vera noko betre ånd og skynsemnd mellom landsfolk og byfolk. Dei snakkar ofte nedsetjande om kvarandre. Og landsjentor som er komne til byen, dei veit ikkje kor fine dei vil vera. Men finast er ein når ein er seg sjølv, meiner fru Toppe.

FAKSIMILE: Slik så avisartikkelen ut.