Den nye samferdslestatsråden gjer dermed om på avgjerda til sin forgjengar i statsrådsstolen, Torild Skogsholm.

I ei pressemelding som gjekk ut frå departementet i går, gjer Navarsete det klart at Statens vegvesen skal arbeide vidare med eit opplegg for finansiering av riksvegprosjektet i Sunnfjord. Dette skal skje i tråd med tidlegare prioriteringar i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

— Arbeidet skal skje med sikte på anleggsstart i 2009, opplyser Navarsete.

Overprøvd

Dalsfjordsambandet går ut på at det skal byggjast veg frå ferjeleiet på Eikenes i Askvoll og langs nordsida av fjorden til garden Otterstein. Her skal det byggjast bru til Dale i Sunnfjord, kommunesenteret i Fjaler. Anlegget skal gje ferjefritt samband mellom Askvoll og Fjaler, og gjere området i Ytre Sunnfjord og Ytre Sogn til eit felles bu- og arbeidsområde.

Så seint som for to veker sidan stoppa Vegdirektoratet og Samferdsledepartementet prosjektet. I samband med fastsetjing av handlingsprogrammet i Nasjonal Transportplan, blei det nei til 10 millionar kroner i startløyving i 2009. Dersom anlegget kom i gang, ville det binde ein for stor del av riksvegløyvingane til Sogn og Fjordane i åra etter.

I det politiske miljøet i Sogn og Fjordane skapte stoppordren sterke reaksjonar. Avgjerda blei oppfatta slik at staten overprøvde fylkestinget. Overraskinga var også stor over signal om at utbetring av Olden-Innvik i Nordfjord burde komme først, også dette i strid med lokale prioriteringar.

Skandaleprosjekt

Dalsfjordbrua er eitt av dei mest omstridde vegprosjekta i Sogn og Fjordane. Så tidleg som i 1967 var sambandet prioritert på topp mellom riksveganlegga i fylket. Men lokal splitting gjorde at vegbygginga aldri kom i gang då.

Midt på 70-talet starta så arbeidet. Men etter at det var brukt kring 13 millionar kroner og bygt fire kilometer veg, blei arbeidet stoppa midt i fjellsida. I 1981 avgjorde Stortinget å overføre pengane som var avsett til vegen langs Dalsfjorden til andre anlegg, mellom dei Norddalsfjordbrua som gav vegutløysing for Svelgen.

Det uferdige veganlegget blei på 80-talet landskjent som ein av dei største skandalane i nyare norsk veghistorie. Det var først for fire år år sidan at det verkeleg blei tyngd bak prosjektet på ny. Då prioriterte fylkestinget sambandet inn på vegplanen.

Som fylkespolitikar i Sogn og Fjordane har Navarsete og hennar parti tilhøyrt fleirtalet som siste åra har løfta fram brusambandet. På denne bakgrunn kjem det ikkje overraskande at den nye statsråden grip fatt i saka.