– Går det an å koma seg ut av Bergen utan å betala bompengar?

– Javisst. Det er mykje verre å koma seg inn til byen. Ut går greitt, i mange retningar.

– Men når du er ferdig med alle prosjekta dine?

– Vi ventar ikkje til prosjekta er ferdige. Vi har fått beskjed om å setja opp bommar når arbeidet er kome godt i gang. For Vossapakko sin del, må bilistane vera budde på bompengebetaling frå neste vår, i 2010.

– Kvar vil du plassera bommane?

– På Voss sine kommunegrenser mot Vaksdal (på E16) og Granvin (på riksveg 13). Det blir ein såkalla timesregel, slik at den som skal frå Bergen via Voss til Granvin slepp å betala to gonger dersom same bil passerer begge bommane i løpet av ein time.

– Men så vil du tetta att smuttholet gjennom Hardanger?

– Så snart som mogeleg, men her ventar vi på avklaring om Kvammapakken. Eg ser ikkje bort frå at det kan koma bommar på riksveg 7 også i 2010.

– Kvar vil du plassera desse bommane?

– Den eine kjem så nær kommunegrensa mellom Kvam og Granvin som det er tilrådeleg, praktisk og trafikktryggleiksmessig. Den andre kjem øvst i Steinsdalen.

– Så bergensarar med hytte på Kvamskogen går fri?

– Ja, så lenge dei ikkje skal nedom Norheimsund. Lokalt vart det ei tid arbeidd med plassering på kommunegrensa, eller nærare Trengereid, men det enda med bomplassering i Steinsdalen.

– Fordi dei som betalar helst skal ha nytte av tiltaket?

– Det har nok samanheng med at Kvammapakken går ut på å utbetra strekningar på vegen langs fjorden.

– Har du nok nasjonalsløyfe til alle snorklippingane i 2013?

– Ingen fare. Vi har tilgang på kilometervis. No sliper vi knivar til å skjera med.

– Er det kjekt å jobba i Vegvesenet for tida?

– Veldig. Det er no ein skulle ha vore ung ingeniør i Statens vegvesen. Her er det mange interessante oppgåver å ta fatt på.

– Men spade har de ikkje lenger?

– Knapt nok. Stundom kunne det vore greitt å senda ut nokre mann og fiksa på eitt og anna som folk klagar på, men vi er bundne av reglar om konkurranseutsetjing og kontraktar. Sånn er det, og det må vi leva med.