Formannskapet går inn for å byggja ut Knarvik ungdomsskule etter det dyraste alternativet til 66 millionar kroner.

Dette innebèr full ombyggjing og rehabilitering og vil gi eit totalareal på 1450 kvadratmeter.

Ombyggjinga på Leiknes skule omfattar nybygg, ombygging og rehabilitering til ein totalkostnad på 53 millionar kroner. Ordførar Tove Brandvik seier at det blir ei utfordring å få plass til desse to prosjekta i økonomiplanen.

Saka går vidare til endeleg avgjerd i kommunestyret.