Styret i Helse Vest godkjende utbygging på eit møte i går. Men vedtaket var omstridd, og blei gjort med fem mot tre stemmer.

Sjukehuset har for liten plass til poliklinisk behandling i forhold til auken i denne type behandling og dagbehandling dei siste åra.

Utvidinga skal også omfatte bygging av ein onkologisk poliklinikk, ei patologisk avdeling og eit brystdiagnostisk senter.

Førde sentralsjukehus blei tatt i bruk i 1979.