Rundt 60 av innbyggjarane i fleire grender på nordsida av Dalsfjorden blei isolerte og avhengige av båttransport 20. november i fjor.

Då rasa om lag 25 meter av vegen ut i fjorden.

Tunnelen forbi rasstaden blir kring 400 meter lang. Kostnadsoverslaget for tunnelen, som neppe vil stå ferdig før neste år, er 39 millionar kronar.

34 millionar skal løyvast i år, medan seks millionar kjem på neste års budsjett.

Etter først å ha gått vekk frå planane om å leggje ei bru over rasstaden fordi dei geologiske forholda var for vanskelege, har vegvesenet arbeidd med å sprenge ei hylle i fjellet som skal fungere som mellombels veg til tunnelen står ferdig.

Fylkesutvalet vil også prioritere å utbetre attståande parsellar på fylkesvegen mellom Leirgulen og Bortnen i Bremanger. Endeleg vedtak blir fatta på fylkestinget i april.