— Hadde ikkje området blitt sikra, ville det aldri blitt flytta tilbake, kjem det kontant frå Kari Bakken.

Ho trudde heile gjelet bak huset kom då ho høyrde eit veldig brak måndag ettermiddag. Men så gale var det heldigvis ikkje. Elva hadde tatt seg nytt far og tok med seg store mengder stein og jord nedover mot eigedomen.

Sjølve bustadhuset slapp unna, men to garasjar, den eine med ei imponerande samling mopedar og motorsyklar, har fått mindre skader. Og store delar av tunet blei sopt vekk då elvevatnet fossa inn. Berre meter bak husa la store mengder stein seg til ro.

Heim over helga

I dagane etter at enorme nedbørsmengder førte til at elva tok seg nytt far tvers over eigedomen, har ekteparet budd hos dottera på Lærdalsøyri.

— Det er greitt det bu her. Men det er noko og med å leggje seg inn på andre, seier Kari Bakken.

Heim att vil ho likevel ikkje flytte før det er trygt. Og det meiner geologar som har vore på rasstaden det ikkje er. Området er så ustabilt at bustadhuset må sikrast mot nye ras.

— Vi lagar eit nytt løp for elva og byggjer ein mellombels rasvoll bak huset. Når dette er gjort, skal det vere trygt nok til at ekteparet kan flytte tilbake. Så vil vi seinare komme tilbake med eit framlegg til meir permanent sikringstiltak, seier tenesteleiar for teknisk drift i Lærdal kommune, Hans Jørgen Røneid.

Heim over helga

Til Bergens Tidende seier Hans Jørgen Røneid at Kari og Oddvar Bakken neppe får lov til å flytte tilbake til bustadhuset før over helga.

— Slik vi ser det no vil nok arbeidet ta nokre dagar.

— Dette er eit mellombels tiltak, kva blir den permanente løysinga?

— Ein større rasvoll enn den i vi byggjer no, seier Røneid som ikkje kan seie noko om kor mykje dette koste.

— Lærdal kommune har stilt ein garanti slik at strakstiltaka kan gjennomførast. I neste omgang kjem vi til å søkje Naturskadefondet for å få kompensert utgiftene.