Det er ikkje ofte nye anlegg i naturen blir sett på som miljøtiltak. Men den nye demninga som Statkraft skal byggja i Grøndalsvatnet ved Kinsarvik blir helsa velkomen både av grunneigarar og miljøstyremakter.

— Vi grunneigarane er fornøgd med at Statkraft har tatt signala, og går inn for å behalda vannivået slik det er i dag, seier Magne Hus, som er representant for grunneigarane.

Den gamle steindammen frå 1936 er i så dårleg forfatning at ein fryktar for at den kan gje etter. Eit dambrot ville ført til at flomvatnet ville gjort stor skade i Kinsarvik. Men det skal ikkje vera fare for bustadhus. Dammen er bygd opp av store steinblokker som blir halde saman av boltar og bindhakar. Mange av desse boltane har etter kvart rusta og losna. Difor må dammen enten sikrast eller fjernast.

Ville riva dammen

Sidan damanlegget ikkje blir brukt til kraftproduksjon var Statkraft sin opphavlege plan å leggja ned reguleringsanlegget i Grøndalsvatnet. Dette fekk dei løyve til, og planar blei lagt for dette. Men etter press frå grunneigarane og Ullensvang herad endra Statkraft sine planar.

— Vi erkjenner at miljø er viktigare enn før. Difor tok vi omsyn til grunneigarane og kommunen. Dette er i ei populær utfartssone, ikkje langt frå Stavali. Det knytta seg stor uvisse kring rehabilitering av området ved ei tapping av vassnivået. Resultatet kunne blitt 160 mål med sump og gjørme. Løysinga som no er valt er dobbelt så dyr som den opphavlege, men den kostnaden får vi ta, fortel regiondirektør Jan Alne i Statkraft, region Vest-Norge.

Ein reknar med at vannivået ville synka med to meter om ein la ned anlegget og fjerna dammen. Sidan dette ikkje er gjort før var det stor uvisse kring kor lang tid det ville ta før vegetasjonen tok seg opp. Analysar fortalde alt frå 30 til 100 år før det tørrlagte området ville bli tilgrodd.

Dammen er eit kulturminne

Statkraft kom difor fram til planen med å byggja ny dam av betong på innsida av den gamle. Dette medfører ein kostnad for Statkraft på mellom 3 og 4 millionar kroner. Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland ser det som den miljømessig beste løysinga. Difor har dei gitt dispensasjon frå byggjeforbodet i nasjonalparken.

Dei legg vekt på at naturen har tilpassa seg dagens vannstand. Dammen frå 1936 blir av miljøstyremaktene sett på som eit kulturminne, og dei ønskjer difor at den skal bli ståande. Vidar Riber, kraftverkssjef i Kraftverksgruppe Eidfjord, fortel at Statkraft satsar på å gjera ferdig alt arbeid med det nye damanlegget i løpet av hausten.

KULTURMINNE: Regiondirektør Jan Alne i Statkraft er ikkje vant med at damanlegg blir omtala som kulturminne. Her tek Alne den gamle steindammen i Grøndalsvatnet i åsyn.
FOTO: KNUT STRAND