Kaupanger, Kvamsøy i Balestrand, Måren i Høyanger og Sund på Sotra er plassar der det blir arbeidd med konkrete planar for å reise nybygg basert på ein eldgammal byggjeskikk. Sentralt i prosjektet står Bergen Arkitekthøgskole.

— Grindbygga er eit grunnleggande arkitektonisk element for så godt som heile vest-Europa. Desse byggverka i tre utgjer ein kulturberande struktur, seier professor Svein Hatløy. Han skal presentere planane på eit seminar i Balestrand tidleg i juni.

Stavbygde hus

Arkeologiske funn viser at grindbygga truleg ber i seg element av det som er mellom den eldste byggjetradisjonen i landet. Spesielt på Vestlandet var grindbygde hus utbreidde. Frå Agder i sør til Romsdal i nord blei det langt fram på 1900-talet reist byggverk hus i denne tradisjonen. Også andre stader i landet finst det byggverk som er i slekt med dei vestnorske grindbygga.

Ei grind består av to ståande stokkar (stavar) som er bundne saman med ein liggjande bjelke (dragar). Grindene står etter kvarandre på tvers av lengderetninga til huset. Avstanden mellom grindene varierer, men normalt er det 4-5 meter på større bygg. Oppe blei grindene bundne saman av ein bjelke i lengderetninga. På sjølve grindverket blei det så lagt sperretak.

Grindene blei plasserte på steinar eller ringmurar. Dette gjorde at treverket heldt seg tørt og godt. Ein annan stor fordel med konstruksjonen er at hus kan byggjast utan at underlaget er flatt. I skrånande terreng blei stavane gitt ulik lengde. På den måten blei huset i vater, sjølv om tomta var ulendt og bratt.

Langs Sognefjordem

Tre av visningshusa som er under planlegging skal plasserast langs Sognefjorden. I Kaupanger er planen å reise eit bygg på ein gammal husmannsplass for å vise korleis grindbygga blei brukte på gardane. Ved Kvamsøy planlegg fleire byggmeistrar i Høyanger og Balestrand å føre opp eit slikt bygg og bruke det som laget. I Måren er meininga at trehuset skal nyttast til kulturarrangement. I Sund på Sotra går planane ut på å byggje eit fleirbrukshus på ein gard.

I alle dei fire prosjekta er privatpersonar sterkt inne som samarbeidspartnarar. Men førebels manglar fullfinansiering og kommunal godkjenning.

— Dersom dette skal bli ein realitet, treng vi økonomisk støtte. Så langt set vi vår lit til å få ei tildeling gjennom midlane som er sett av til 100-årsmarkeringa av sjølvstendet i 2005, opplyser Hatløy.

Planane strekkjer seg også utover Vestlandet. Både i Bohuslän i Sverige og Esbjerg i Danmark er liknande prosjekt på trappene.