I framlegget til fylkesbudsjett for Sogn og Fjordane er det neste år sett av 30 millionar kroner til veganlegget som vil knyte 600 personar på øyane lengst vest i Gulen til fastlandet. Frå før er det bygt veg frå Sandøyna via Mjømna til Byrknesøy. No er det bru over Brandangersundet og vegframføring til Sløvåg som står att.

Eit nytt kostnadsoverslag viser at totalkostnaden med anlegget kan komme opp i 105 millionar kroner. Ein slik sum er førebels ikkje lagt inn i økonomiplanen for åra framover. Der er det avsett 67 millionar.

Fastlandssambandet til øyane vest i Gulen er eit vegkrav som går langt tilbake i tid. Dei seinare åra har næringslivet i området pressa sterkt på. Det var denne vegen oppdrettsselskapet Firda Management kom med tilbod om å finansiere.

Nei til Bjordal-Matre

Fylkesveganlegget i Gulen blir den største investeringa for fylkeskommunen dei kommande åra. Men også andre veganlegg skal få millionløyvingar. I Nordfjord gjeld dette Hopland-Hennebygda med 18 millionar neste år og Deknepollenn-Trollebø med 10 mill.

Men om det er grunn til å glede seg i Gulen, er dei sikkert meir frustrerte lenger inne i Sognefjorden. I framlegget til fylkesbudsjett er det ikkje sett av ei krone til å utbetre vegen mellom Bjordal og Matre. Vegsjefen i Sogn og Fjordane valde i vår å stenge vegen på sognesida på grunn av ekstrem stor rasfare. Tidlegare er det rekna med at det vil koste kring 25 millionar kroner å rassikre vegen som blei bygt under kraftutbygginga i området. Men i eit notat som vegkontoret nyleg har laga, kjem det fram at det truleg vil bli langt dyrare.

— Det er ikkje lagt inn midlar til dette anlegget i budsjett og økonomiplanen, er den korte kommentaren i fylkesbudsjettframlegget.

Maritim satsing

Bygginga av ein maritim avdeling ved Måløy vidaregåande skule ligg også tungt inne i neste års fylkesbudsjett med 30 millionar kroner. Byggjearbeid med vegframføring og klargjering av tomt vil truleg ta til i februar. Til våren skal så arbeidet med skulebygg og kaianlegg ta til. Planen er at nybygget i Måløy skal stå klart til skulestart hausten 2005. Totalkostnaden blir kring 60 millionar kroner.

Sogn og Fjordane-budsjettet skal vedtakast på fylkestinget som opnar på Hermansverk 9. desember.