I går blei planane til den profilerte tyske arkitekten Attila Eris presentert på pappmodellar i Dale. Eris, som er tilsett i verdas største arkitektfirma, har vore fire veker i sunnfjordbygda og henta inspirasjon frå området rundt til byggverket.

— Eg har tenkt bygget som ei hand med fingrar, ein finger for kvar funksjon som skal inn. Meininga har også vore å lage ulike rom som ikkje er stengde av vegger, fortel Eris.

Ein stad for produksjon

Svenske Birgitta Ralston og franske Alexandre Bau slo seg ned i Dale for nokre år sidan. Designerparet som står bak selskapet Transplant har fått fleire større oppdrag, og skaffa seg nyleg suksess i Frankrike med sine spesielle eggbrett. No ønskjer dei å skape eit senter for design og idéutvikling i Dale.

Bedrifter og enkeltpersonar skal kunne leige seg inn for kortare eller lengre periodar. I tilknyting til gjestearbeidsplassane skal det også lagast bustader. Bygget skal også innehalde ein kulturformidlingsdel som skal brukast til utstillingar, teater, konsertar, konferansar og seminar. Ein lokal møteplass med vinbar og bibliotek er også teikna inn.

Materialbibliotek

I bygget kjem også Nordens første opne fysiske materialbibliotek. Transplant har etablert samarbeid med det franske selskapet Innovathèque som har eit slik bibliotek i Paris, og har alt opna ein materialdatabase på Internett.

— Ei viktig oppgåve for oss vil bli å formidle kunnskap om materiale frå Norden, seier Birgitta Ralston.

Nybygget ved sjøkanten på det som er ein av dei vakraste attverande tomtene i Dale, skal bli på kring 800 kvadratmeter. Delar av bygget skal byggjast ut over fjorden utan fundamentering. Her skal det også lagast bryggje. Ralston og Bau har sett eit kostnadstak på 10 millionar kroner, og håpar at innviingsfesten kan haldast alt 1. september neste år. Fjaler kommune går inn med 2,5 millionar kroner, og dermed er 44,5 prosent av finansieringa på plass.

— I vekene framover skal vi arbeid mot bedrifter som er interesserte i å vere med på investorsida. Vi håpar å ha bygget fullfinansiert innan utgangen av månaden, seier Ralston.

Senter i stort område

Dagleg leiar Stein-Arne Ottesen i Fjaler Næringsutvikling meiner designplanane i Dale har ei stor framtid.

— Det vi ser her er ei blanding av kunst og tungindustri som er heilt ny. Får vi dette til, kan Dale bli eit senter for utvikling på dette området for eit stort omland, meiner Ottesen.

Fjaler-ordførar Arve Helle trur forma på transplantbygget vil skape diskusjon i kommunen, noko han ser fram til.

— Vi har fått mange særeigne bygg i området. Eg trur folk er meir opne for denne type arkitektur no enn for nokre år sidan, meiner Helle.